Ettersom eg i går hadde fleire spørsmål, får eg i dag kome med fleire svar:
- Kor høgt er Tindefjell i Åseral? 916 meter
- Kor skal Kjell Steinbru ha gudsteneste 21. juni 2020? Han skulle hatt friluftsgudsteneste på Tveitå, men på grunn av regnet i går vart den flytta til Årdal kyrkje.
- Kva heitte far til Hans Olav Lauvstad? Halvor Gravdal budde i Skien der han var bonde.
- Kor gjekk Knut K. Homme på lærarskule? Han gjekk på Sagene lærersole.
- Kor gjekk Bergit K. Rike på lærarskule? Ho tok høgare lærarprøve på Notodden lærarskule i 1904. Etter lærarpostar to plassar kom ho til Vikeland i Vennesla, der var ho resten av tida som lærar.
- I 1980 snakka dei om Brokkelina. Kva var det? I dag snakkar vi nok helst om Brokke-Suleskarvegen
- Kven stiller ut bilder på Setesdalsmuseet i sommar? Utstillinga 6+4 er ved kunstnarane Grete Swahn og Atle Pakusch Gundersen, ho med maleri, han med lydinstallasjonar
- Kor ligg Ånebjør? Lengst vest i Bygland, lettast å kome dit frå Åseral, garden ligg i nordenden av Juvatn
- Kven hadde sangtime i Valle Radio tysdagskvelden? Olav Lindstølen frå Misjonsradioen i Grimstad
- Kva heiter organisasjonen til Hallvard Hasseløy? OpenHeart samlar inn klede i Bykle ved Sigrid Bjørgum og på Nomeland bedehus ved Astrid Nomeland