Gjenbruksbutikkar

Share

I dagens gudsteneste frå Alver kyrkje var det eit innslag om gjenbruksbutikkar. På Knarvik var det ein gjenbruksbutikk der pensjonistar var aktive medarbeidarar. Dei tek ikkje ut løn, så alle pengane dei får inn, går til misjonen, i dette tilfelle var det NMS:

I ein samtale etter preika med ei av dei som hadde vakter i butikken, kom det fram at ho såg på dette som ein ny måte å få inn pengar til misjonsarbeidet på etter at misjonsforeningane si tid langt på veg var over. Kvinner møtest ikkje så ofte lenger for å ha foreningsmøte med bibel og misjon som tema.

I staden har altså gjenbruksbutikkane dukka opp. Dei skaffar pengar til misjonen gjennom resirkulering av gamle møbler, klede eller bøker.

Sjølv har eg funne mange bøker i gjenbruksbutikkane her sør, både i Lyngdal, på Vigeland og i Mandal. -Som om eg ikkje hadde nok bøker frå før, seier du. Jo, men plutseleg er det ei bok eg finn interessant, og då er det jo flott å kunne finne den i ein gjenbruksbutikk og sleppe å gå på biblioteket og bestille den. På Vigeland har dei endåtil posesalg, der ein kan fylle ein plastpose for ein 50-lapp.

I Lyngdal fann eg ei prestebok frå 1974, den har lagt grunnlaget for mange artiklar på Setesdalswiki, for den har biografisk informasjon om presten si teneste fram til boka kom ut. Så kan ein google litt og finne resten på Internett.

Reidun meiner at det bør vere ei bok ut for kvar bok eg tek inn. Det er litt vanskeleg å halde det, men eg prøver jo. Og som ho sa det, pengane går jo til ein god sak.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *