Kvardag att

Share

Når pinsehelga no er over, kan ein vel seie at det er kvardag att. Eit spørsmål sveiv forbi der ein lurte på kor lenge det var til nye raude dagar på kalenderen, om ein ikkje reknar med dei vanlege sundagane.

Etter det eg skjøner, må vi vel heilt til jul no for at det skal skje. Neste raude dag på kalenderen er vel juledag.

Det betyr ikkje at vi ikkje har fridagar i vente. Det er bare få veker att av skuleåret, dei som går på skule har vel tentamen og slikt no og lærarane har det travelt med å rette oppgåver. Men snart er det sommarferie. Ein skulle vore bjørn om vinterent og lærar om sommaren, er det nokon som seier. Men eg trur eigentleg ikkje dei meiner det, for i desse koronatider har mange opplevd at det å ha ein jobb å gå til, å kunne møte kollegaer i eit arbeidsfellesskap, det har sin eigen verdi.

Så når no kvardagane kjem som perler på ei snor, kan det vere godt å tenke på at det er godt å ha eit arbeid å gå til og så kan ein håpe at koronakrisa ikkje fører til alt for mange nedlagde arbeidsplassar.

Kvardagen blir kva ein gjer den til.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *