Vi har avisene Fædrelandsvennen og Vårt Land og kvar dag kjem det nye spørsmål i dei. Så sit vi saman og les spørsmåla høgt for kvarandre og lurer på om vi klarer å få alt rett. Det er sjeldan det sjer. Når vi er ferdig med dei spørsmåla, finn Helge dagens Quiz frå Aftenposten på nettet, og så tek vi også dei.
I kveld tenkte eg at eg kunne jo lage nokre spørsmål frå Setesdalswiki:
- Kva heitte far til sangarinna Vera Dalen?
- Kva heitte bror hennar?
- Kor gjekk Hallvard Eldhuset på lærarskulen?
- Kva var jentenamnet til Gunda Ropstad
- Kva år gifta ho seg?
- Kva årstal vart Senterpartiet stifta?
- Kven fullfører Gard og ætt i Bygland?
- Kven driv Joker Valle?
- Kor ligg Tveitå?
- Kor gammal vart Jon A. Helle?