Jordbær

Share

I dag burde eg sikkert hatt eit bilde av den haugen med jordbær det vart av dei 12 korgene i kassen eg kjøpte på Hollekleiva i Mandal i ettermiddag. Men du veit nok korleis dei store, røde, søte bæra ser ut, og eg kom ikkje på å ta blide av dei før dei var forvandla til syltetøy og hadde forsvunne i frysaren, så du får nøye deg med fantasien.

Eg såg på TV at det er mykje jordbær til sals no og at prisen er høg. Det var jo for så vidt rett, i butikken kosta ei korg 59,90, altså 60 kroner. På Hollekleiva gav eg 400 kroner for kassen, det blir visst 33,33 kr for korga. Dei som går for sjølvplukk, kan visst få det til 25 kroner korga. Dei får sikkert eine timar i åkeren, men truleg også vondt i ryggen etterpå.

På TV vart det sagt at norsk ungdom ikkje plukkar like fort og uthaldande som plukkarar frå Latvia, eller kor det no var dei kom frå, dei som syter for å åkrane blir reinska. I år var det vanskeleg for dei å få innreiseløyve, men det lukkast visst til slutt, i alle fall for ein del.

Så kveldsmaten i kveld vart nyrørte jordbær på ferskt brød. Til kaffi var det jordbær og is. Vi lever godt den korte stunda det varer.

Det er ikkje så ofte eg tek turen på butikken, men i dag var eg på Matkroken i Ulvegjelet. Der trefte eg nabo Kristoffer, far til Tobias, som held plenane våre så fine. Han driv Eskeland maskin og hadde vore på Vigeland og sett opp ein telefonstolpe. Eg nytta høve til å skryte av jobben Tobias, son hans gjer hos oss. Han held plenane våre kortklypte gjennom heile sesongen. Det er godt å ha ein dreng, og det er godt med jordbær.