På tur i Vesterålen

Share

For ein som har budd 15 år i Vesterålen var kveldens program Sommerbilen minutt for minutt eit interessant gjensyn med fjell, fjord, vegar og plassar.

Det starta litt utanfor Melbu, deretter gjekk turen via innersida av Hadseløya til Stokmarknes. Kombinasjonen med bil og helikopter ga fine bilete frå lufta av Lille Børøya med Hadsel folkehøyskole.Det var sterkt fokus på Hurtigrutemuseet, som eg på 1980-talet lanserte som ein ide. No er det ikkje bare ei samling av utstyr i den gamle direktørbustaden, men eit heilt skip bygd inne i eit glasshus.

Det var interessant å sjå både for oss gamle og for Helge og Rønnaug, som vaks opp der og vel helst har sine dialekt-trekk frå Vesterålen. Men vi såg ingen kjente, dei som vart intervjua var truleg yngre enn ungane våre også.

Frå Stokmarknes gjekk turen til Sortland og Sigerfjord. Den blå byen i Vesterålen har visst bare om lag 20 blå hus, likevel blir han kalla den blå byen. Ideen kom frå kunstnaren Bjørn Elvenes. Han lanserte ideen i 1999, rart å tenke på at ha gjekk på Hadsel Folkehøyskole, rett nok før vår tid der. Då malte han det store bakteppet på scenen med mange motiv frå Vesterålen. Om det har overlevd forandringane på bygningane, veit eg ikkje. Då vi var på Stokmarknes i 2009, var vi innom i matsalen og såg i peisestua der det hang klassebilder. Men vi tenkte ikkje på å sjå om maleriet til Bjørn Elvenes framleis hang bak scenen.

Programmet var skjemma av ein hipp frisør som banna i bilen. Ettersom programmet var redigert, burde det vore redigert bort. Det er ingen grunn til å promotere myten om at nordlendingar bannar så mykje meir enn resten av oss, bannskap er ikkje familieunderhaldning. Musikken var heller ikkje etter min smak, ein av låtane var også full av banning og burde slett ikkje vore med. Vesterålsk musikk er meir enn Madrugada og Sivert Høyem, Maria Solheim for eksempel.

Wikipedia hadde eit bilde frå Melbu, rett nok vinterstid. Foto: Mathrong