Sauer i fjellet

Share

I kveld var det igjen sending i Valle radio. Siri Johannessen hadde laga eit variert program for ei sommarsending. Ho lurer nok litt på om det er mange som høyrer på i denne tida, men truleg er det nokre som får det med seg anten på FM eller på nettradio.

Eit tema i kveld var sauer i fjellet. Då snakka ho med Kåre Blålid frå Lillesand. Han er leiar i Aust-Agder Sau og Geit. I styret har han med seg Linn Kristin Flaten, Sven Reiersen, Trygve Steine og Jorunn Synnøve Uppstad.

Kåre Blålid har sauene sine i området nord for Bjrnevasshytta, Der har dei det godt om ein tenkjer på ville dyr som kunne jakte på dei. Men laushundar i fjellet er ei plage. I år har han funne 5 sauer som er sprengt så dei døyr. Det betyr det doble i morlause lam, og dei kan ofte vere vanskelege å få inn om hausten. Sauene hadde GPS og kunne difor sporast. I går var han på heia for å sjå etter dyr utan GPS som også kunne vere borte, og han fann eitt I sendinga vart vi minna på at det er bandtvang frå 1. april til 20. august, – uansett. I Valle er det endåtil streng båndtvang, som han kalla det.

Når det gjeld sauer drepne i trafikk, så skje det sjeldan, men om det skjer, så er det viktig at sjåføren melder frå. Det står navn og adresse på klaven til sauen, så det burde ikkje vere vanskeleg å gje melding. Det er inga straff, men det høyrer med til dyrevelferd at eigaren får ta hand om dyret når uhellet er ute.