Epos over kasserte bøker

Share

Epos er eit lengre dikt i bunden form som formidlar ei forteljing. Slike dikt er kjende frå langt attende i tid i fleire gamle kulturar. I kveld kjem eit epos frå Eskeland:

I dag vart mange bøker kasserte,
lagde i posar og transporterte.
Frå hyllene mine dei nå skiftar plass,
om dei hamnar i stove eller på dass,
eg kan ingenting gjere, no er det slutt
på snuing av sider så jamt og trutt.

I posen ligg boka om Ingrid som steikte
og kokte og bakte, på TV seg leikte.
Persillekvasten vi hugsar så godt,
dandert så fint, servert så flott.
Eit leksikon om hundar også forsvant
og Willy Brandt-bok eg kasta galant.

Løvekvinnen og Romerbrevet,
den siste av Øyvind Andersen skrevet.
Om Skagerak-katedralen hadde eg to,
Sabotasje i Nordsjøen har og funne ro.
Molières Den gjerrige samt Liv og lyst
og Ville svaner dro til en annen kyst.

To binds verket som kom frå Det Beste
om Mennesket; bøker eg aldri leste.
Fakkel-boka om Kierkegård forsvunne har
saman med ei bok om St. Josefs bar
og Bibelsk billedordbok, lita og nett,
saman med En hekto kandis eg ikkje har sett.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *