Mange feil

Share

I innlegget mitt i går var det visst mange feil. Mi bibliotekdotter Margunn er jo ekspert på temaet, og det gjekk ikkje lang tid før eg fekk kommentar:

Så bra du har skrevet om sommerles. Men det er en digital lesekampanje i regi av folkebibliotekene, ikke foreningen les… det var fylkesbiblioteket i Vestfold som satte den i gang i sin tid…
Sommerles.no
“Sommerles.no er bibliotekenes lesekampanje for barneskoleelever i sommerferien. Kampanjen varer fra 1. juni til 31. august. Deltakerne samler XP (poeng) ved å løse oppgaver, stikke innom det lokale biblioteket for å hente kodeord, og fremfor alt, lese og registrere så mange bøker de bare orker i løpet av sommerferien! Deltakerne får dessuten eksklusiv tilgang til en spesialskrevet Sommerles-fortelling av forfatter Mari Moen Holsve.
Deltakerne vinner digitale troféer og små premier de kan hente på biblioteket. Det er mange forskjellige premier å velge mellom, og deltakerne får beskjed når de har samlet nok XP til å hente en premie.”
Og det er ingen konkurranse, men kampanje😉
Så får eg stå i skammekroken fordi eg ikkje hadde gjort heimeleksa denne gongen. Men uansett, så er det flott at ungane les. I dag fullførte Henrik og Sigmund ei bok om Harry Potter. Det tok halvannan time å lese den ut, så eg kan jo ikkje seie at dei byggjer med Lego heile tida. Men legobygging er ein stor lidenskap, og i dag fekk dei også Helge med.
I kveld var Sigmund og henta Margaret på Kjevik, så no er heile familien her. Etter kvart går vel turen vidare til Sandøya. Å feriere i Norge er ikkje så galt, det kjem nok år seinare når ein kan reise utanlands att.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *