Kvar kveld kosar vi oss med quiz her i stova. Spørsmåla finn vi i Fædrelandsvennen og Vårt Land, og så kjem Helge med spørsmål han finn i Aftenposten. Til saman dekkar vi ganske mange område.
I kveld tenkte eg å lage ein quiz basert på Setesdølen sitt siste nummer.
- Kven er leiar i Evje Handels- og Serviceforening?
- Kven stiller ut kunst på Eikerapen gjestegard
- Kva år vart Grete Skomedal fødd?
- Kva gjer Margit Løyland?
- Kor gamal blir Magne Normann Kjetså?
- Kva er Nico Widerberg kjent for?
- Kva heiter kommunelegen i Bygland?
- Kor vart regnbogeflagg rive ned?
- Kva sel Vegard Hansson?
- Kven driv Setesdal Bunadsenter?
Prøv denne quizen i morgon på folk du er saman med. Om dei klarar den, vil du vite at dei har granska Setesdølen i dag.