Musikk og lyrikk

Share

I morgon kveld bør du ta deg ein tur på Bibel- og naturcamp på KVS Bygland om du er glad i kristen kultur. Då les Halvard Myhren dikt og Knut Olav Uppstad spelar.

Eg oppdaga arrangementet då eg skreiv inn det som skjer på årets camp på KVS Bygland, programmet er i store trekk som før om åra, og eg har fått med meg at mange set pris på arrangementet.

Eg leita litt rundt på Internett og tenkte at eg kanskje fann eit dikt eg kunne sitere, men det var vanskeleg. Halvard Myhren har skrive fleire bøker. Om du er i nærleiken, vil du nok få ei fin oppleving.

Sjølv i desse koronatider der det er grenser for kor mange som kan samlast og der ein må ha ein meters avstand, prøver ein no å ha samlingar der folk kan møtast att. Det er ikkje det same å ha sommarstevne digitalt, kunne vi lese i Vårt Land sin reportasje frå Hedmarktoppen nyleg.

Så får vi vaske hender og halde avstand, det er sikkert lettare i slike samanhengar enn i Oslo sitt uteliv, slik reportasjane på TV har synt: Når folk blir fulle, gløymer dei at det er koronatid.

Men lyrikk, musikk, kan hende ein kaffikopp og litt å bite i, det toler ein nok med ein meter eller to i avstand.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *