Predikant og forfattar

Share

I dag fekk vi ein lang artikkel på Setesdalswiki om Johannes Daasvand Vi hadde artikkel om han frå før, så eg la artikkelen inn under tittelen Kristenleder med tung oppvekst.

Artikkelen fortel at Daasvand, som var fødd i 1884, bare hadde folkeskule. Men han var ivrig og las mykje i oppveksten og lærte seg engelsk og tysk. Hans skriftlege norsk var ikkje god, men han fekk hjelp av rektor på Volda lærarskule til å få meir utdanning i norsk mot å ha møter for studentane.

Gjennom åra skreiv Johannes Daasvand mange tusen andaktar i Stavanger Aftenblad under vignetten Plogmannen, han gav ut 20 bøker og var medstiftar av bladet Evangelisten. I bøkene som eg har, var det også ei bok av Johannes Daasvand, Fast grunn. Det er korte tekstar knytt til sundagstekstane gjennom eit år.

Eit år var han lærar på Bibelskolen i Bergen. Frå 1920 til 1930 budde han på Mønnesland, det er ein nabogard til Eskeland, der eg bur. Fem gonger var han på talarferd til USA. Etter at han var blitt pensjonist, besøkte han døtrene som var misjonærar i Afrika.

Dei siste åra budde Johannes Daasvand på Strai i Kristiansand. Der døydde han i 1955. Kona Othelie, som var søster til Martin Sandve, levde til 1976.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *