Produksjon i regn

Share

I det overstrøymande regnveret i dag valde eg å skrive litt på Wikipedia og Setesdalswiki. Vi har hatt ein stor ryddeaksjon i bokhylla og det gav grunnlag for mange artiklar. Dei fleste kom på Wikipedia, men det vart jo litt på Setesdalswiki også.

I mange av artiklane som alt er på Wikipedia, mangla det kanskje ei bok eller noko utfyllande opplysningar. Var det ein prest som var forfattar, kunne eg også finne noko i den presteboka som eg fekk for ein tjuekroning i bruktbutikken i Lyngdal i vinter, eller kva tid det no var. Den kom ut i 1974 og eg har funne mange fakta i den.

Mellom anna skreiv eg om Leif M. Michaelsen. Han var læraren min på Norsk Lærerakademi og skreiv om 1. Mosebok i Bibelverket. Og så skreiv eg om George Johnsen på Setesdalswiki. Han var prest i Kristiansand og skreiv mange oppbyggelege bøker.

Av og til lurer eg på om eg også skulle skrive litt om bøkene på wikipedia, men det har eg droppa. På Setesdalswiki gjer eg som eg vil, så der kjem det kanskje noko meir av og til.

Når eg så har skrive om bøkene, hamnar dei i ein plastpose. Den vil nok bli levert inn på ein gjenbruksbutikk. Så må eg bare unngå å kjøpe dei tilbake fordi eg er innom og ser noko interessant.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *