Skal posten fram?

Share

Frå juli skal posten kome mandag, onsdag og fredag i eine veka og tysdag og torsdag i den andre veka. Det blir sagt at det ikkje skal gå ut over avisombringing, men når det gjeld Setesdølen, som bare kjem tysdag og torsdag, lurer eg jo på korleis det blir dei vekene posten kjem mandag, onsdag og fredag.

Heldigvis kjem dagsavisene med eige bod, så vi vil få papiraviser til frukost som før. Vi brukar no helst å lese dei etter frukosten, då har vi ein time med lesing av papiraviser. Eg likar ikkje å lese avisa digitalt, det er noko eige med å halde i papiret og bla fram og tilbake.

Dei seier at det skuldast at vi ikkje lenger sender brev. Før sendte vi brev til kvarandre, no sender vi knapt julekort og slett ikkje papirbrev. Brev går på epost, så vi kan jo takke oss sjølv, meiner nokon. Posten må tilpasse seg marknaden, altså rekningar, blad og pakkar. Og rekningane, dei kan jo vente ein dag eller tre, det er bare for avsendaren å utvide litt på forfallstida, så går det fint.

Posten kjem nok til å kome fram i dagar som kjem også. Vi får nok bare omstille oss til den nye tida.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *