Skrivekunst

Share

I eit innlegg på Facebook i går ettersøkte Odd Inge Rønning Uleberg den elegante skrivekunsten:

En gang for lenge siden elsket jeg å lese aviser – bare på grunn av tonen. Det var den gang vi skrivende beundret stilistene , de som kranglet så elegant og infamt at det ble vakkert. De gjorde det til en kunst å injuriere uten å injuriere og de tok det dannede hat til høyere nivåer. Per Egil Hegge mot Johan Galtung var kanskje det ypperste eksempel. Vi husker statsminister Syse som sa til journalisten: «jeg har intet håp om at vi ikke møtes igjen.»
Einar Førde. Få kunne som han frata en motstander enhver kunnlig ære – med fantastiske replikker.
Hvor er den elegante utskjelling blitt av?
Sjølv har eg skrive heile livet, men eg har aldri hatt som mål å kome til det nivået som det her vert snakka om. Eg tenkjer at ein skal ikkje bare tale høvisk og skrive godt, ein skal også skrive slik at ein ikkje sårar andre. Kan hende blir det då noko tannlaust, men det får så vere.
Bloggen min er eigentleg ein blogg som skal handle om programma i Valle radio. Når det ikkje er program i Valle radio, så prøver eg å finne noko anna å skrive om. Eg har ikkje så mange lesarar som dei som er hippe og hotte, men det får våge seg.
Framleis les eg aviser, det er mykje interessant å finne i avisene sjølv om dei store stilistane er borte. Kan hende har skulen noko av skulda, vi lærarar kan neppe få ære for å framelske stor stilistisk skriving, vi ville helst ha saklege utgreiingar når vi ba elevane om skriftlege framstillingar. Så vart kanskje journalistane meir forma slik enn til å finne formuleringar som skulle stikke og såre.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *