Sommarsending

Share

I kveld var Valle Radio på lufta att. For meg kom det som ei overrasking, for eg fekk ikkje Setesdølen i dag, postombæringa har jo blitt endra, så denne veka kjem det ikkje post på tysdag. Men så dukka det opp eit programoversyn på Facebook, takk til Britta Lise, og dermed fekk eg med meg mykje av kveldens sending.

Første post på programmet etter opninga var Asbjørn Kvalbein sitt kåseri om verdier vi ikke må miste, her var det tale om sannheten. Så kom ein nydelig versjon av O Jesus åpne du mitt øye med Øklands, ei gruppe eg ikkje hadde høyrt om før. Deretter var det andakt ved Arvid Hunemo.

I ein kombinasjon av aktuell time og sangtime kalla Folk og musikk snakka så Siri Johannessen med Arne Holskog på Helle Herberge om Via Ferrata og andre prosjekt. Han kjører også drosje og trong sårt sjåførar som kunne hjelpe med kjøring i Bykle og Valle kveld og natt i helgene. Etter det eg forstod var det ein del kjøring til sykehus i Oslo, og ein slik tur tok jo eit dagsverk.

Neste person på telefonen var Linne Røsstad Sharpe frå Hovden, det er ho som driv The Village ved Hegni sør for Hovden. Så kom Liv Stormo frå To i Tråd, dei hadde jo opning på Bjugsbakk nyleg. Ho sel garn og pynteutstyr, foreløpig bare naturlege fargar, men når dei får ordna med plantefarging, skal det visst bli mange fargar i hyllene. Først skal dei farge garn med einer, det skulle visst skje på torsdag.

Frå halv åtte til halv ni var det ein samtale med Inge Magnus Vasvik, mannen som driv Vasvik media. Han starta med lydbandopptak i 1969, 12 år gammal, med å ta opptak frå stevner og møter. Etter kvart fekk han betre og betre utstyr og kunne gjere opptak under møta, kopiere kassettar og ha dei klare for sal når møtet var slutt. Sidan vart det videokassettar med film av møter og stevner.

Endeleg var det tid for Postludium, denne gongen ved Siri. Ho hadde funne musikk med tema Pastorale, og der var det mykje vakkert å høyre. Litt ut i programmet fekk eg ein telefon, så eg fekk ikkje med meg slutten, og heller ikkje kyrkjebakken. Men det var godt å få ei sending i Valle Radio att. Takk, Siri Johannessen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *