Søskentreff

Share

Mi søster Solvor har bursdag samme dag som dronning Sonja, så ho inviterte til selskap på hytta dei har på Helleland i dag. Det takka vi ja til og sette oss i bilen etter frukost og la i veg vestover.

Første stopp på turen var Matkroken, bursdagspresang når folk er kome opp i åra er gjerne noko som ikkje fyller skap og hyller som alt er overfylte, men heller noko som kan brukast i eit gjestfritt hus. Deretter gjekk turen til Lyngdal for å plukke opp Jorunn og Ole Thorvald. Ho ville innom jordbærbua, ho hadde bestilt ein kasse jordbær som skulle takast med vestover.

Så gjekk turen vidare vestover. Det var ganske mykje trafikk, så det var bare å legge seg i køen. Men turen gjekk fort i godt selskap, og alt halv eitt var vi på Øgreid, garden der mor til Gaute kom frå og der dei har hytta si. Vi var dei første som kom, så vi fekk parkere heilt inntil hytteveggen. Etter oss kom Gunnbjørg og Sigurd, så kom Brit, og då var vi alle, for Hermund og Kari hadde sagt at dei ikkje kom før klokka fem.

Solvor og Gaute bur på Varhaug, og der har dei middag tidleg, slik vart det her også. Svinesteik med alt tilbehør og godt radl, som vi seier på Ålgård gjorde at tida flaug. Timen og vel så det gjekk før matøkta var ferdig. Då flytta vi over frå spisebok til sofa, strikketøyet kom fram i kvinnene sine hender, eg fekk bla gjennom Aftenbladet så vidt og fann spennande lesestoff der.

Men augneloka vart tunge, så eg ramla ut av det gode selskapet medan praten og regnbygene kom og gjekk. Likevel var eg ikkje lenger borte enn at eg fekk med meg kaffi med eit gedigent kakebord, Ole Bulls ostekake, bringebæriskake, waleskringle, rundstykker, is og eg hugsar knapt alt. Før kaffien hadde vi også litt quiz, eit av spørsmåla frå Aftenbladet gjaldt diabetes, og det var jo svært aktuelt rundt eit slikt kakebord, men det var det kanskje bare meg som tenkte på.

I kveldinga kom Ingeborg og familien innom, ho er Solvor og Gaute si dotter. Dei hadde vore på Lyngdal bibelcamp ei veke og var på veg heim, men måtte jo innom og helse på.

Halv ti braut vi opp, halv tolv var vi heime. Så bloggen kom også i kveld. Brit tok bildet: Harald, Jorunn, Solvor, Gunnbjørg og Hermund. Fem søsken frå Gådå, spreidde mellom Mandal og Sola, bare Hermund bur på Ålgård.

Bildet kan inneholde: 5 personer, inkludert Solvor Rasmussen og Hermund Haugland, folk som står

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *