I går mista vi internett, det var borte i over sju timar, så eg fekk ikkje skrive noko på bloggen i går kveld. Fredag kveld la eg ut nokre spørsmål basert på siste nummer av Setesdølen. Her er svara:
- Kven er leiar i Evje Handels- og Serviceforening? Else Haugland
- Kven stiller ut kunst på Eikerapen gjestegard? Anne Elisabeth Nitteberg og Gerlinde Streit
- Kva år vart Grete Skomedal fødd? 1946
- Kva gjer Margit Løyland? Ho arbeider i Riksarkivet
- Kor gamal blir Magne Normann Kjetså? 70 år
- Kva er Nico Widerberg kjent for? Maleri og grafikk
- Kva heiter kommunelegen i Bygland? Åsulv Horverak
- Kor vart regnbogeflagg rive ned? I Valle
- Kva sel Vegard Hansson? Steinar
- Kven driv Setesdal Bunadsenter? Solveig Landelius
Det verkar som om det blir innever i morgon. Då kan du finne noko å lese på Setesdalswiki, for eksempel artikkelen om Sara Oust.
https://www.setesdalswiki.no/wiki/Sara_Oust
Den er interessant og fortel noko om bakgrunnen for samfunnet vi har i dag.