Vindfullt

Share

Sjølv i vår vesle hole her på Eskeland merka vi vinden i dag. Det var så pass vindfullt at under middagen vi hadde saman, kom ideen om å ta ein tur til Skjernøy og sjå på veret.

Så då eg valde middagslur, valde dei andre ein tur over hengebrua på Skjernøy. Den er meir stødig no enn den var før, då vrengte den seg visst ein gong i vinden. Då dei kom tilbake, fortalde dei at den bevega seg litt, men det var jo ikkje så rart.

I morgon blir det truleg ikkje like vindfullt, då har også eg tenkt meg på tur. Eg skal inspisere området der den nye vegen vestover vil kome. Det blir interessant.

Då dei var der ute, måtte det jo bli eit bilde i vinden. Rønnaug, Reidun og Kristine i blåsten på Skjernøya. Det ser ut til at Kristine er fotografen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *