When Calls the Heart

Share

I nokre dagar no har eg sett på serien When Calls the Heart. Den er lagt til småbyen Coal Valley, som seinare bytter namn til Hope Valley. Og det er mykje håp i serien. Håp om eit betre liv, håp om ei fin framtid, håp om kjærleik og ekteskap, håp om å starte på nytt etter å ha kome skeivt ut tidleg i livet.

Alle har vi vel eit håp om noko. Den som er sjuk, håpar å bli frisk, den som har ungar langt borte, håpar at dei skal kome heim på besøk, den som er oppe til eksamen, håpar på god karakter. Slik sett tek serien opp tema som dei fleste kan identifisere seg med.

Serien speglar tida rundt 1910 også på den måten at Gud er attåt, som dei gamle sa. Her ber barna aftenbønn og folk samlast i kyrkja, skulen der hovudpersonen er lærar, held til i kyrkja. Kyrkje om sundagen, skule og grendehus dei andre dagane.

Eg er vel komen til sesong 2, etter det wikipedia fortel er det åtte sesongar, så det blir litt å sjå i tida som kjem.

www.gstatic.com/tv/thumb/tvbanners/17698616/p17...

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *