Orgel

Share

Då eg vaks opp, skaffa far eit trøorgel. Far var kyrkjetenar i Ålgård kyrkje og organisten var Karl Øvestad, så etter at vi hadde fått orgel, vart eg og syster mi, Jorunn, elevar hos han. Vi tok bussen til Sandnes, gjekk av på ein busstopp litt nord i byen og traska opp Tronesbakken for å ha speletimar der.

Sjølv om vi nok kappast om å få orgelkrakken heime nokre gonger, var i alle fall eg ikkje så habil som eg burde vore. Likevel lærte eg så mykje at eg kunne vere organist på Dale psykiatriske sjukehus då eg gjekk på lærarskulen. Sidan var det meir sportadisk at eg hadde teneste som organistvikar då vi budde på Stokmarknes, men etter at eg kom til Valle, vart det meir og meir sjeldan.

Jorunn tok etter kvart full utdanning som organist og var organist i Lyngdal i mange år og før det i Hobbøl då dei budde der. Dei skaffa seg piano og barna deira vart musikarar. Våre barn valde andre vegar, men Helge kjøpte seg eit elpiano som han klunka litt på. Men leiligheten hans i Oslo vart for liten eller kan hende for full av andre elektroniske duppedittar, så elpianoet havna hos Rønnaug i Nittedal. Der klunka Kristine litt på det av og til, men då han var austover i helga, vart det med til Eskeland. I kveld kom det inn i stova, og etter litt ommøblering fekk det plass under ei bokhylle.

Notesamlinga min sende eg i sommar til Sunnmøre, der kan kantor Margaret nytte den om ho vil det. No skulle eg nok hatt den, men eg får vel heller spele nokre koralar frå salmeboka så lenge. Fingrane går ikkje like lett til rett tast som før, augene treng briller for å lese noter, men sanneleg så vart det eit par salmetonar i kveld.

Artiklar

Share

Eg har tidlegare skrive at eg likar når det kjem artiklar på Setesdalswiki. I dag fekk vi ein ny slik artikkel. Denne gongen var det teksten til eit program i serien Postludium. Programmet Postludium med pastoraler og litt til var eitt av programma i juli. Siri Johannessen deler villig av informasjonen ho formidlar munnleg i sendinga når vi kan lese heile teksten i ettertid. Om ein vil høyre musikken, kan ein gå inn på Spotify og finne dei komposisjonane som vart brukte.

Sjølv skreiv eg inn innhald i nokre av datoartiklane våre. Det ser ut til at det etter kvart har kome i gang nokre sosiale samlingar. I helga har det vore fleire konfirmasjonar. Dei er omtalte i Setesdølen og dermed har vi fått både namn og dato for når årets konfirmantar feira dagen.

Sjøl om det var ein fin dag i dag her i Mandal, valde eg å fylgje med på Tour de France., der Alexander Kristoff kjørte i gul trøye. Men det vart med den eine etappen i gult, i dag var det ein franskmann som overtok og kommentator Kaggestad spådde at han kom til å ha den i mange etappar framover.

 

 

Lettare

Share

Medan det i går var høljeregn, var det lettare i dag. Så lett var det at etter at Reidun hadde vore på butikken og handla risgrøt og rømmegrøt (det er laurdagsmiddag her i huset) gjekk ho i gang med gjærbakst og då eg tok min vanlege strekk, dufta det nybakt frå kjøkkenet.

Dermed vart det noko å feire med då Kristoff spurtslo alle og vann med ein sykkellengde i Nice i første etappe av Tour de France. I morgon kan han sykle i gul ledertrøye, men det spørs kor lenge han får ha den, for det var visst ein klatre-etappe i morgon, og han er vel helst for tung til å klare dei.

Men av norske syklistar er det bare han og Thor Hushovd som har sykla i gul ledertrøye i Tour de France. Truleg forsvarte han lønna si  for i år bare med det han gjorde i dag.

Så rulla saka om Trøndelag Ap vidare på skjermen og litt seinare kom Helge tilbake etter å ha vore ein tur i Oslo. Då kunne vi gå i gang med nokre av dei mange spørsmåla som hopa seg opp i avisene dei siste dagane. På laurdagar har Vårt Land 70 spørsmål, så det var nok å ta av.

Etter nokre dagar med stillstand i skrivinga på Setesdalswiki, tok eg meg på tak og skreiv inn torsdagavisa og laga artiklar om konfirmantane denne helga. Og så vart eg noko overmodig og delte artikkel om overskriftene i siste Setesdølen på facebook og twitter. Kan hende må eg gjere det litt oftare. Likes er jo alltid hyggeleg å få.

Då blir ikkje bare veret ute litt lettare, men også tankane til ein pensjonist.

Høljeregn

Share

I dag vart det ein dag med høljeregn her på Eskeland. Eg følte det bøtta ned.

Somme folk likar å gå på tur i regn. Eg er ikkje av dei, så eg heldt meg inne. Det er ok å oppleve høljeregn i dusjen, men elles ikkje.

Så sit ein inne og fylgjer med på tv der aktuelle saker slår kvarandre i hjel. Men i morgon startar Tour de France, og då blir det nok ikkje så mange nasjonale saker som kjem til å fylle mi tv-rute. For Norge har etter kvart fleire gode syklistar som kanskje kan kjempe i toppen.

Kampen om å nå toppen har elles fylt nyhetsmedia i ulike variantar den siste tida. Sjølv er eg lukkeleg over å sleppe å vere med i den kampen også.

Når eg snakkar med andre pensjonistar, er vi temmeleg enige om at vi har det godt og at vi helst vil ha det slik. Kan hende skulle vi gått i striden, vi også, men for min del kjem eg ikkje til å gjere det.

Eg såg ein film om ein eldre lærar som måtte ta tablettar før han gjekk til timen for å halde ut med ulike streker som  elevane fann på. Dei kan vere oppfinnsomme, ingen tvil om det. Eg er glad at det ikkje var mobiltelefon i den tida eg var lærar. I våre dagar ser det ut til at dei kan filme både heldige og uheldige episodar.

Og plutseleg så høljar det ned, ikkje med regn, men med anna utriveleg. Då er det sanneleg endåtil betre med høljeregn.

Niklos med sang

Share

I går kveld hadde Niklos K. Besteland kanskje for første gong eit Postludium med bare sang. Ha hadde funne nokre fine perler å dele med oss under tittelen Frå Armenia til Amerika:

Sang fra Armenia til Amerika, med Niklos K. Besteland

  • Makar Ekmalien (1856–1905) (musikk)/trad.: «Førebuing», første ledd i den armenske juleliturgien sunget av koret ved det Pavelige Armenske Kollegium i Roma. Kantorer er Raphael Andonian og V. Oulouhodjian.
  • Antifonen «Angelus autem domini», andre ledd i den gregorianske messen Salve festa dies. Sunget av koret i klosterkirken St. Maurice i Clervaux (Luxemburg).
  • J.S. Bach (1685–1750): To koralharmoniseringer for kor og blåsere, fremført av Gütersloh Bachkor dirigert av Hermann Kreutz:
    • Mel. Stralsund 1648: «Lobe den Herren» (BWV 57).
    • Mel. Johann Crüger: «Nun danket alle Gott» (BWV 252).
  • To religiøse folketoner sunget av Johannes Daasvand (1884–1955):
    • Brorson: «Vaar brudgom ei lenge nu borte vil blive».
    • Kristi Morken: «Himmelske Fader, Din hjælp mig forlæne».
  • Trad.: «Deep River», gospelsang sunget av Mahalia Jackson. Fra albumet Let’s pray together (1964).

Folk og musikk

Share

Denne tittelen har Siri Johannessen brukt i sommarprogramma ho har hatt i Valle Radio. I all koronasjauen det har vore i år, har Siri halde fortet i radioen og gitt oss fine program veke etter veke. Slik var det også i kveld.

Etter ein andakt av Irene Krokeide Alnes vart kveldens program ramma inn av eit innslag om ambulansekøyring med Per Øyvind Stormo og eit innslag om protestfestivalen 2020 med Svein Inge Olsen.

Mellom desse var det tre musikkrelaterte innslag. Først handla det om kulturne med Inger Lise Stulien, deretter om operasangaren Laila Thortveit frå Iveland og til slutt ein lang prat med Olaf Moen. Han lever ikkje av musikk men for musikk og var elev på den første musikklinja på vidaregåande skule i Valle, eg trur han sa det var i 1993.

Musikken hadde ført alle tre på mange reiser og gitt dei mange opplevingar og vi fekk høyre både musikkinnslag av dei, altså der dei sjølve song så vel som musikk dei hadde funne og ville dele med lytterane.

Heile programmet for kvelden ligg på Setesdalswiki, så der kan du sjå det om du ikkje fekk høyre det. Programma i Valle Radio må høyrast i sanntid, dei ligg ikkje ute for nedlasting. Men dei kan høyrast over heile verda via streaming frå heimeisida til radioen.

Her er lenke til programmet:

Tysdagssending i Valle Radio 20200825

 

Skriv – og slett!

Share

I dag sletta eg ein artikkel på Setesdalswiki. Eg hadde fått han av Torbjørn Greipsland og artikkelen handla om Johan Gjærdal, ein emissær frå Åseral.

Då eg snakka med Torbjørn i dag, sa han at han gjerne ville eg skulle vente med å legge artikkelen ut til han hadde stått på trykk i Lindesnes Avis. Eg skreiv om dette på bloggen i går, og sa då at om andre hadde slike artiklar, ville eg gjerne publisere dei på Setesdalswiki.

Men når forfattaren ønskjer å vente litt, må eg jo respektere det. Han har jo gjort alt arbeidet. I dette tilfellet hadde han funne dei fleste opplysningane om predikanten i Oscar Handeland si bok Kristenliv på Agder.

Handeland var sjølv frå Åseral. Han har eg artikkel om på Setesdalswiki.

Eg meiner det er viktig å ha artiklar om predikantar. Dei har møtt mange menneske gjennom alle møta dei har hatt rundt om i bygd og by og slik er dei blitt kjende, også dei som ikkje skreiv bøker og slik etterlet seg noko for seinare generasjonar.

A skrive ein liten biografi om dei, kan spegle kultur og kristenliv i det lokale, og det er jo også viktig.

Så får det våge seg om ein må vente litt med å publisere stoff slik at ei trykt avis kan få det først.

Ukjent predikant

Share

I dag fekk eg lagt inn ein artikkel på Setesdalswiki om ein predikant som for meg i alle fall var ukjet. Johan Gjerdal levde frå 1871 til 1922. Det var Torbjørn Greipsland som hadde skrive den og som sendte den for at eg skulle legge den ut.

Eg likar å få slike tekstar. Dei er interessante å lese og syner noko av mangfaldet i Agder. På meg verka det som om han ikkje reiste for nokon organisasjon, men kom dit han vart invitert.

Om nokon har slike artiklar dei vil publisere på Setesdalswiki, er eg svært takksam om de tek kontakt, så skal vi nok finne ei løysing. Setesdalswiki har nok av plass.

Nederst i artikkelen ligg ein kategori. Om du trykker på den, ser du at vi har ein del slike artiklar. Men vi har plass til fleire. Sakt, men sikkert veks talet på artiklar, så det vil vere noko å lese for dei fleste.

Bildet av Johan Gjerdal er frå band 3 av Vårløysing av Oscar Handeland.

Gjærdal-Johan-portr.jpg

Så mange hilsener

Share

I dag sa Reidun til meg at det var mange hilsener på fødselsdagen min som jeg ikke hadde svart på. Hun hadde gått gjennom dem og undret seg over at jeg hadde svart på noen, men ikke alle.

Selv trodde jeg at jeg hadde svart på alle da de kom, men det viste seg at de kom i så store mengder at en rekke forsvant i massene.

Så i kveld satte jeg meg til for å se og takke, og nå håper jeg at jeg har reagert på alle sammen.

Det skjer noe rart når man går gjennom en slik liste. Man minnes folk man har møtt i ulike situasjoner i livet, og slik passerer livets dagsrevy. Til forskjell fra programmet på tv som for det meste er preget av konflikter, er livets dagsrevy på facebook et mye hyggeligere sted å være. De som man eventuelt har hatt konflikter med, sender ikke gratulasjoner.

Enda en gang: Takk for alle hilsener jeg fikk på min 73-årsdag 18. august 2020.

Så mange bøker

Share

Sjølv om mange bøker forsvann ut dørene for ei tid sidan, er det mange att. Eg hadde ein plan om å skrive om dei, men så langt er eg fastlåst i Andaktsboklista til Per Emanuelsen. Den har 378 titlar, men heldigvis ikkje like mange mange forfattarar. I kveld var to av dei røde lenkene blå, men det er alt for mange att,

Så ligg bøker under bordet mitt så vel som ved sida av stolen min, på begge sider.

-Skal du ikkje rydde litt rundt deg når det kjem folk her? spurde Reidun.

-Trur eg droppar det, var svaret. -Det blir rot i systemet og det er ikkje så bra.

Så ligg dei her, i stablar og ventar på at eg skal skrive litt om dei og deretter få dei ut av huset. Eg kunne tenkt meg ein tur på bruktbutikken og sett etter nye, men det blir nok ikkje på denne sida av jul.

Til bursdagen fekk eg ei bok. Den var stor, mest A3 format. Flotte bilete og fine tekstar av Per Fronth og Gaute Heivoll. I kveld las vi ein av desse tekstane. Det verkar så enkelt, men om eg skulle prøve sjølv, ville det nok gå i stå ganske fort. Eg får nok halde meg til leksikonstilen og bloggforma.

Og så får eg sjå om eg klarar å finne ein måte å skrive slik at nokre bokstablar blir mindre.