Andaktsbøker

Share

Andaktsbøker er ein spesiell sjanger i boksamanheng. I den store oppryddinga i bøker kom også ein del slike for dagen. Dei har små, oppbyggelege stykke for kvar dag i året. Mange slike bøker har forfattarane brukt lang tid på å skrive.  Ein stad las eg at Johannes Daasvand brukte 30 år på å skrive andaktsboka han gav ut.

Tre andaktsbøker dukka opp i boksamlinga mi: Hvil eder litt av H. E. Wisløff, den fekk vi då vi gifta oss. Ludvig Hope si Eit ord i dag kom ut i 1962. Den mest spesiell andaktsboka i samlinga eg kom over denne gongen, var nok Oav Myrstad si bok Fra seier til seier. I den har alle andaktane ei lita historie frå misjonsarbeid rundt om i verda.

Oppbyggelege bøker er ein eigen sjanger. Eg er vel litt usikker på om det kjem ut like mange bøker i den sjangeren no som tidlegare. Men framleis er det mange som har ei stille stund med andaktsbok i løpet av dagen.