Overrasking

Share

I dag svinga to bilar opp og parkerte under epletreet vårt. Ut av bilane kom søskenbarn Margunn og dottera Kirsten Malena og søskenbarn Odd Kåre og sonen Daniel. Dei hadde hatt ei veke på ei firmahytte nær oss. No var dei på veg heim og stansa for å seie hei.

Dagen i dag var jo ein av dei finaste vi har hatt i sommar, sola skein og isen frå Hennig-Olsen smakte godt medan praten gjekk om laust og fast, slik den gjerne gjer når slekt som ikkje treffest så ofte, av og til møtest. Vi gjekk ikkje tom for samtale-emne.

Dei såg vedlikehaldsarbeidet på låven vår, som er over 100 år gammal, men bygd av solid tømmer frå seilskutetida, skipsplank som truleg har vore i dørken på eit seilskip. På Husvegg der dei vaks opp, vart løa sett opp på 1970-talet og er alt no til nedfalls. Den står nok meir verhardt enn vår, men vedlikehald må også gjerast.

Reidun tok dei med på ein rundtur for å sjå seg litt rundt, og så la dei seg i køen vestover. Då dei var komne på vegen, og eg var inne att, kom eg på det: Eg gløymde å ta bilde. Her går vi alle med mobil i lomma, og så gløymde vi å dokumentere ei storhending. GRRR…

-Når de kjem til Varhaug, må de stikke innom.

-I sommar var me på Øgreid hos Solvor og Gaute. Lenger kom me ikkje i sommar.

-Velkomne innom når de tek turen lenger vestover.

Det skal vi hugse på