Botanikk og trafikk

Share

Botanikk og trafikk var to tema i kveldens sending i Valle Radio. Siri Johannessen hadde fått med seg botanikaren Per Arvid Åsen til å snakke litt om planter på heiene og i dalen. Det er visst fleire hundre ulike planter å finne for den som har augo med seg. Ein kan jo ta bilder av blomar og andre planter og sende dei inn om ein treng hjelp til å finne ut kva slags plante det er.

Viktig er det vel å skille mellom giftige planter og ufarlege planter, mellom planter ein kan ete og slikt som kan gjere deg sjuk. Det snakka dei ikkje så mykje om. Heller ikkje samtalen med kommunelege Maren Østvold i Bykle var inne på slikt, der var det korona-rapport som var temaet. Ettersom det ikkje er korona i Setesdal, kan ein sove trygt enn så lenge, men ein må huske på å halde avstand når ein er ute mellom folk.

Sigurd Langeid snakka om trafikken i ferietida. Nokre har fått forelegg, men ein har unngått dei store ulukkene, og det var både han og Siri glade for.

Siste del av sendinga måtte eg over på andre kanalar, så eg fekk ikkje høyre Postludium i kveld. Der var det Kåre Nordstoga som hadde funne musikken, han kjem jo til festivalen Klassisk i Setesdal no til helga og skal ha konsert.

Sommaren er slett ikkje pausetid i kulturlivet, og at Siri har program gjennom sommaren gjer at vi får glimt frå aktuelle hendingar. Men neste tysdag kom det ikkje til å bli sending i radioen.