Bokmål eller nynorsk?

Share

Valle kommune er ein nynorsk-kommune. Det betyr at saksutgreiingane til kommunestyret skal vere på nynorsk. Men i kveld var det kommunestyremøte der ein del av saksutgreiinga kom på bokmål. Eg veit ikkje om dette vart kommentert, for eg høyrde ikkje på møtet i Valle Radio, men no er det i alle fall kommentert på bloggen min.

Eg la ut sakliste og vedtak på Setesdalswiki, slik at du kan gå inn og sjå. Det gjeld saka om masseuttak i Raudevjedalen. Vedtaket er på stringent bokmål:

  1. Forslag til detaljregulering for massetak Raudevjedalen, med plankart, sist revidert 25.06.2020 og tilhørende bestemmelser, sist revidert 29.06.2020, godkjennes i henhold til plan- og bygningslovens § 12-12.
  2. Deler av reguleringsplan for Rv 9 Besteland – Helle, planID 201801, vedtatt 18.09.2019 som blir berørt av ny detaljregulering for massetak Raudevjedalen med planID 201908 inkludert alle senere planendringer og tilhørende bestemmelser, oppheves.

Her på bloggen skriv eg både på bokmål og på nynorsk. Men eg er ein privatperson og treng ikkje følgje mållova. Eg har ikkje sjekka noko, men trur eit fleirtal av tekstane mine er på nynorsk. Men om eg skriv relatert til Mandal og kysten, skriv eg helst bokmål. Det er språket som er mest nytta her, sjølv om kommunen sikkert er språkleg nøytral.

I Indre Agder er nynorsk mest brukt, så då Nye Lindesnes vart etablert, måtte truleg byråkratar frå Marnardal med nynorsk bakgrunn, legge om. Men i Valle var det inga kommunesamanslåing, der skuldast nok bruk av bokmål at saksahandsamar ikkje kjenner reglane og trur at ein kan bruke bokmål. Det kan ein altså ikkje, så vidt eg veit.

Sissel Åkre bør ta tak i saka på vegne av Mållaget i neste møte.