Høljeregn

Share

I dag vart det ein dag med høljeregn her på Eskeland. Eg følte det bøtta ned.

Somme folk likar å gå på tur i regn. Eg er ikkje av dei, så eg heldt meg inne. Det er ok å oppleve høljeregn i dusjen, men elles ikkje.

Så sit ein inne og fylgjer med på tv der aktuelle saker slår kvarandre i hjel. Men i morgon startar Tour de France, og då blir det nok ikkje så mange nasjonale saker som kjem til å fylle mi tv-rute. For Norge har etter kvart fleire gode syklistar som kanskje kan kjempe i toppen.

Kampen om å nå toppen har elles fylt nyhetsmedia i ulike variantar den siste tida. Sjølv er eg lukkeleg over å sleppe å vere med i den kampen også.

Når eg snakkar med andre pensjonistar, er vi temmeleg enige om at vi har det godt og at vi helst vil ha det slik. Kan hende skulle vi gått i striden, vi også, men for min del kjem eg ikkje til å gjere det.

Eg såg ein film om ein eldre lærar som måtte ta tablettar før han gjekk til timen for å halde ut med ulike streker som  elevane fann på. Dei kan vere oppfinnsomme, ingen tvil om det. Eg er glad at det ikkje var mobiltelefon i den tida eg var lærar. I våre dagar ser det ut til at dei kan filme både heldige og uheldige episodar.

Og plutseleg så høljar det ned, ikkje med regn, men med anna utriveleg. Då er det sanneleg endåtil betre med høljeregn.