Kanskje kommer kongen

Share

Då eg høyrde på Valle radio i kveld, kom denne sangen til meg. For Siri Johannessen snakka med Else Gyro Rysstad om jubileet til Bykle kyrkje. Kyrkja er 400 år i år, men eg skjøna at jubileet er utsett til neste år på grunn av korona-pandemien

Når ei kyrkje er så gammal, kan det vere på sin plass å invitere kongen, og det vurderte soknerådsleiaren i Bykle og sendte eit spørsmål til post@slottet.no for å hyre korleis ein gjekk fram. Men det vart med forsøket, for korona sette ein stoppar, så ingen veit utfallet av saka, det ville slottet kome tilbake til neste år.

Men det ville vore litt av eit arrangement om så hadde skjedd. Ikkje bare ville geistlege dukka opp, også fylkesmann og andre innan styring og embetsverk ville også vore med på ei slik feiring. Men folk i Byle er glade i gamlekyrkja og ville nok stilt opp om så hadde skjedd.

No er ikkje Else Gyro leiar av soknerådet lenger, så korleis det går vidare, det må nok andre fortelje seinare.

Kveldens sending i Valle radio var for øvrig sterkt prega av Bykle. Tove Hertzberg snakka om ei ny bok som skulle kome ut i morgon, Der reinen går, er jorda freda. Ho var ansvarleg for utforming, Ragnhild Bjåen for det faglege innhaldet. Og så snakka Olav M. Holen om Vise-Taddeiv.

Også på NRK Sørlandet var Bykle i fokus,  der snakka eigaren av Bykle hotell om satsinga i Valle. Om Kongen kjem til Bykle neste år, vil nok Bjørn Erling Auestad og staben hans få nok å gjere.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *