Kvardagstankar

Share

I går kveld fortalde Geir om planane for eit hefte med Kvardagstankar, som han kalla det:

Eg har tatt mot til meg. Nå vil eg gi ut eit lite hefte med småstykke eg har skrive på Facebook og fått publisert andre stadar dei siste sju åra. Alle innlegga er frå tida etter at eg hadde kreft i 2013 fram til eg gifta meg med Rita i sommar. Heftet har eg kalla «Bare ein vanleg kvardag – for ei gåve!» Som du skjøner, er det tale om enkle kvardagstankar om livet. Dei heilt daglegdagse og små tinga, eigentleg, som til saman blir til eit liv. Eg hadde eit mål om å få dette til før eg blei 60, og nå har eg klart det.

Geir sine bidrag til Setesdalswiki har vore av stor verdi. Mest kvar dag legg han ut bilde og skriv noko for å gjere nettleksikonet rikare og meir informativt. Men leksikonskriving og kvardagstankar er to ulike sjangerar, så det vert spennande å lese det han skriv.

Og så har han Rita sine teikningar til å smykke boka, det må jo bli fint Eg gleder meg til å sjå resultatet, og etter bestillingane på Facebook å døme, er det nok fleire som gjer det.

Bildet kan inneholde: Geir Daasvatn, tekst som sier 'Geir Daasvatn Bare ein vanleg kvardag -for ei gave! B nken Kvardagstankar om livet'

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *