Lettare

Share

Medan det i går var høljeregn, var det lettare i dag. Så lett var det at etter at Reidun hadde vore på butikken og handla risgrøt og rømmegrøt (det er laurdagsmiddag her i huset) gjekk ho i gang med gjærbakst og då eg tok min vanlege strekk, dufta det nybakt frå kjøkkenet.

Dermed vart det noko å feire med då Kristoff spurtslo alle og vann med ein sykkellengde i Nice i første etappe av Tour de France. I morgon kan han sykle i gul ledertrøye, men det spørs kor lenge han får ha den, for det var visst ein klatre-etappe i morgon, og han er vel helst for tung til å klare dei.

Men av norske syklistar er det bare han og Thor Hushovd som har sykla i gul ledertrøye i Tour de France. Truleg forsvarte han lønna si  for i år bare med det han gjorde i dag.

Så rulla saka om Trøndelag Ap vidare på skjermen og litt seinare kom Helge tilbake etter å ha vore ein tur i Oslo. Då kunne vi gå i gang med nokre av dei mange spørsmåla som hopa seg opp i avisene dei siste dagane. På laurdagar har Vårt Land 70 spørsmål, så det var nok å ta av.

Etter nokre dagar med stillstand i skrivinga på Setesdalswiki, tok eg meg på tak og skreiv inn torsdagavisa og laga artiklar om konfirmantane denne helga. Og så vart eg noko overmodig og delte artikkel om overskriftene i siste Setesdølen på facebook og twitter. Kan hende må eg gjere det litt oftare. Likes er jo alltid hyggeleg å få.

Då blir ikkje bare veret ute litt lettare, men også tankane til ein pensjonist.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *