Meir om andaktsbøker

Share

I dag starta eg på å skrive om forfattarane av andaktsbøkene som var på den lista eg fekk av Per Emanuelsen. Det var ein stor jobb å legge inn lista på Setesdalswiki, wikiformat er litt annleis enn word.

Det var ikkje så mange av desse forfattarane som var blålenker på då eg var ferdig, så det er mange å skrive om. Det vert ei spennande utfordring framover, for ofte dukkar det opp interessant stoff i samband med at eg skriv om noko, og så må eg skrive om det også.

I dag skreiv eg om Olav Myrstad, han var kretssekretær i Skien for NMS. I Presteboka mi fann eg også informasjon om son hans, men eg trong ikkje nytte den informasjonen, for eg fann det eg trong i ulike menighetsblad.

Nokon sa at eg burde lage ei kristenlivswikipedia, men det trur eg ikkje eg kjem til å gjere. Det er plass til alt mogleg på Setesdalswiki, systemet er slik at lenkene bringer lesaren rundt om ho klikka på dei, så ferda frå Setesdal og ut i verda går rimeleg lett når det er artiklar å lese.

Om eg står i beit for prestar, kan eg sikkert skrive om organistar, men dei er kanskje ikkje like lette å finne stoff om. Då får eg heller ta ein kveldssong eller noko anna.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *