Nytt hundretal for Setesdalswiki

Share

Svaen vart artikkel nr. 92 500. Eg fekk ikkje notert forrige hundretal, men denne gongen var det Geir som hadde laga artikkelen som runda nytt hundretal. Han har vore aktiv med å opprette datoartiklar framover hausten, så mange av dei siste artiklane er datoartiklar. Men Svaen ved Byglandsfjord er ein artikkel med både bilde og kart, så neste gong du reiser forbi, kan du sjå om du ser fjellsida. Vi brukte knappe to månader på desse to hundre artiklane, så om vi held fram i same tempo, vil vi runde nytt tusental før årsskiftet. Nå er det diverre ikkje så mange kulturelle hendingar i desse koronatider, men det kan jo vere litt av kvart å skrive om likevel, så vi held ut.

Det gjeld i grunnen bare å finne kjelder og så ta utgangspunkt i ei rød lenke, så kan ein artikkel kome ganske fort. Men i den varmen som har vore no i august, har i alle fall eg blitt noko utlada. Eg er visst ikkje laga for temperaturar over 20-talet. No held det seg vel slik over helga, så får vi sjå kor langt vi kjem utover i august.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *