Orgel

Share

Då eg vaks opp, skaffa far eit trøorgel. Far var kyrkjetenar i Ålgård kyrkje og organisten var Karl Øvestad, så etter at vi hadde fått orgel, vart eg og syster mi, Jorunn, elevar hos han. Vi tok bussen til Sandnes, gjekk av på ein busstopp litt nord i byen og traska opp Tronesbakken for å ha speletimar der.

Sjølv om vi nok kappast om å få orgelkrakken heime nokre gonger, var i alle fall eg ikkje så habil som eg burde vore. Likevel lærte eg så mykje at eg kunne vere organist på Dale psykiatriske sjukehus då eg gjekk på lærarskulen. Sidan var det meir sportadisk at eg hadde teneste som organistvikar då vi budde på Stokmarknes, men etter at eg kom til Valle, vart det meir og meir sjeldan.

Jorunn tok etter kvart full utdanning som organist og var organist i Lyngdal i mange år og før det i Hobbøl då dei budde der. Dei skaffa seg piano og barna deira vart musikarar. Våre barn valde andre vegar, men Helge kjøpte seg eit elpiano som han klunka litt på. Men leiligheten hans i Oslo vart for liten eller kan hende for full av andre elektroniske duppedittar, så elpianoet havna hos Rønnaug i Nittedal. Der klunka Kristine litt på det av og til, men då han var austover i helga, vart det med til Eskeland. I kveld kom det inn i stova, og etter litt ommøblering fekk det plass under ei bokhylle.

Notesamlinga min sende eg i sommar til Sunnmøre, der kan kantor Margaret nytte den om ho vil det. No skulle eg nok hatt den, men eg får vel heller spele nokre koralar frå salmeboka så lenge. Fingrane går ikkje like lett til rett tast som før, augene treng briller for å lese noter, men sanneleg så vart det eit par salmetonar i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *