Rips

Share

Det hadde vore ei stund utan at eg hadde snakka med søster mi Jorunn i Lyngdal. Så i dag tok eg ein telefon til henne for å kommentere artikkelen om Sara Oust som stod i Vårt Land i dag. Eg har ein artikkel om henne på Setesdalswiki, skrive av same forfattarane som skreiv artikkelen i Vårt Land.

Jorunn hadde planar om å plukke rips, og ho ville gjerne dele med oss, så i ettermiddag kom ho  og Ole Thorvald på ein snarvisitt med fleire korger rips. Praten gjekk lett, ho er aktiv i NMS regionstyre og i prostiet og var oppteken med å planlegge kvinnestemne på Åpta seinare i haust.

Ripsa var gode å ha til dessert under dagsrevyen i kveld. Med vaniljesaus og kremtopp smaka dei nydeleg. Mange takk.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *