Nidelven

Share

Eg vart litt overraska då Torbjørn Greipsland fortalde at Nidelven, stille og vakker du er, var den sangen som kanskje vart oftast sungen i Minnekirken i Chicago når folk samlast til komlefest eller torskeaften. Då var det Torbjørg Trydal frå Bykle som stod over grytene.

Torbjørn var prest der i to år, eg trur han sa det var frå 1991 til 1993, då han hadde permisjon frå jobben som redaktør for Kristelig Pressekontor. Den tida det var mest folk som gjekk i denne kyrkja frå 1912, var då Sverre Norborg var prest der på 1950-talet. Men framleis har dei to gudstenester på norsk i månaden, Folk med norske og nordiske røter stiller opp. Nå var det eit stort reparasjonsprosjekt på gang, det kom på nærare 8 millionar kroner, og sjølv om dei fekk tilskot frå byen, kyrkja er Heritage, så måtte dei samle inn mykje sjølv.

I den aktuelle timen snakka eg først med Jonny Grundeland om turisthyttene i Setesdal. Dei er godt besøkte, men han hadde ikkje tal på besøk, som driftssjef stod han for vedlikehald og slikt. Men det er kanskje tale om å bygge ny hytte på Øyuvsbu, den må nok flyttast på grunn av reintrekk der den ligg. Ei ny hytte ville bli sponsa av Nicolai Tangen, han hadde visst alt sett av pengar i eit fond.

Eg snakka også med Richard Nodeland og Johan J. Buchard om då dei klatra i Nomelandsfjødd i sommar. Den reportasjen var spektakulær, og bildene var også ganske så flotte. Det var første gongen dei prøvde seg på slikt, og sanneleg vart det ein fin sak i avisa. Den danske fotografen hadde ikkje mista lysten på å bestige andre fjell, han fekk jo nokre flotte motiv i linsa si. -Vi må bare ta det med ro, då får ein fine motiv å fotografere, sa han.

 

 

 

Kassakreditt

Share

I mange år har eg hatt kassakreditt i Valle Sparebank. Det har vore god inntekt for banken, trur eg, for det er lenge sidan eg trong bruke den, men likevel har eg ikkje fått meg til å avslutte den.

Men i morgon skal eg gjere det, det er ingen grunn til å ha ein konto eg må betale ekstra for, sjølv om eg av og til har sagt at eg gjer alt for å støtte Valle Sparebank. Når dei ringer med kundeundersøkingane sine, svarer eg alltid at eg ikkje har planar om å bytte bank. Det gjeld også når eg har flytta til Mandal. Det er fint å kunne ringe banken, høyre den smilande stemmen til Karen Marie Rike Lund og så få ordna det eg treng, eller bli sett over til Gro Haatveit og la ho hjelpe meg.

Valle Sparebank er stolt sponsor av Valle Radio, men reklamen deira burde nok vore fornya, for det er lenge sidan Vidar Homme var banksjef og skulle nedom banken om kvelden. Han har vel ein stilling i Vennesla kommune no om eg ikkje hugsar feil.

Kveldens sending i radioen hadde dette innhaldet:

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Andakt ved Oddvar Søvik
18.30 Et møte med Oddvar Søvik
19.00 Åpne Dører, med Ole Lilleheim
19.30 Country gospel-timen med Per Govertsen
20.30 Postludium med Niklos K. Besteland
21.00 Kyrkjebakken

Strikk og lytt

Share

I dag hadde vi besøk av Jorunn og Ole Thorvald. Dei kom endåtil med ei fårikålgryte som vi kunne ha til middag og kake som vi kunne ha til kaffien etterpå, så det var eit rimeleg lettvint besøk. Nå var det ei stund sidan vi hadde møtt kvarandre. Sjølv om eg krangla ein del med syster mi i ungdomen, set eg stor pris på å ha henne og mannen i nærleiken på våre gamle dagar.

Sjølv om ho er pensjonist som eg, er ho ganske oppteken. Ho var organist i Lyngdal, no stiller ho i reservestyrken og er ofte ute i teneste. Sundag spelte ho på Konsmo, og eg har inntrykk av at ho har oppdrag svært mange sundagar og mange dagar elles i veka.

I morgon er det Strikk og Lytt på Lyngdal kirkesenter. Der møtest folk for å ta ein kopp kaffe saman, klokka 12 er det ein kort andakt, og så er det strikking og lytting, ein les frå ei bok medan dei andre høyrer på. Etter det eg skjøna, kunne det vere ganske mange som deltok på arrangementet.

Andre stader har dei prøvd å ha noko liknande, men det har fort gått over til Strikk og Skravl, sosiale folk likar ofte å snakke heller enn å lytte.

I sofaen vår gjekk også praten lett om mangt og mykje. Ho hadde vore saman med søskenbarn i helga, det måtte eg få høyre om. Like før ho gjekk, fortalde ho om bildealbum etter søster til Ole Th. som dei hadde fått og lurte på kva ein gjer med gamle bilder.

Og så var ho oppteken av basaren NMS julemesse som skulle vere på Lyngdal kirkesenter med trekning 21. november. I desse koronatider har mange basarar blitt avlyst, noko som gjer tidene usikre for organisasjonane som lever av gåver og der pengar frå julemesser om hausten er ei viktig inntektskjelde. Eg fekk meg nokre lodd, eg og. Men kven som skal bruke den elektriske sykkelen om eg skulle vinne førstepremien, det veit eg ikkje, det blir neppe meg, eg likar bil betre.

Planleggingstankar

Share

Når ein skal ha sending i Valle Radio  ein onsdagskveld, blir det gjerne til at helga blir brukt til planlegging. Då les ein litt i avisene for å sjå om det er saker ein kan jobbe vidare med, og så er det å ringe og gjere avtalar.

Slik vart det for meg denne helga, for til onsdag skal eg ha sending. Eg er sett opp på tre sendingar i haust. I prinsippet kunne eg vel starta å planlegge då eg fekk lista, men så vil ein gjerne vere litt aktuell, og då må ein vente.

Men å starte planlegging ein sundag, det har også sine problem. Som oftast er folk opptekne med familie og venner i helga, så å svare på telefon frå eit ukjent nummer har kanskje ikkje så høg prioritet. Difor får eg ikkje avklart programmet for den aktuelle timen før i morgon tidleg. Om eg er heldig, får eg det til før klokka 10, slik at det kjem med i annonsen i Setesdølen.

Heldigvis fekk eg ja frå Torbjørn Greipsland til å vere med og fortelje om Minnekirken i Chicago. Han var prest der eit par år og møte fleire utflytta setesdølar eller etterkomarar av folk frå Setesdal. Kan hende kjem vi til å snakke om ein som framleis har slektningar i Setesdal. Det får du vite onsdagskvelden frå om lag 20.30 eller litt seinare.

 

 

Lunka interesse

Share
I kveld var det fredagssending i Valle Radio. Det er innleiing til haustferien og Ørnulf hadde sikkert venta mange telefonar, for han ba meg lage 12 rebusar til sendinga i kveld. Eg baserte dei på gårsdagens Setesdølen og meiner sjølv at dei var nokså lette.

Men det verka ikkje slik. Det kom ingen telefonar på første rebusen, så dei spelte ei plate til, og då kom det Roy Oliver frå Oslo. Han hadde ikkje Setesdølen, men løyste rebusen likevel. Så kom det to rebusar der med svar frå Jorunn Lund Harstad og Gyro Kopperud og på den fjerde rebusen kom same mann frå Oslo inn att. Då runda Ørnulf av heile sendinga, trekte krus og gåvekort til Oslo, og gåvekort til Jorunn Lund Harstad.

Så var det Adios Amigos med Jim Reeves og sendinga over.

Dei fire rebusane som var lagde ut, var desse:

1. Emne + spisested = Temakafé
2. Gresk B + tall + nr. 1 = Betania
3. Ikkje tam + vaska = Villrein
4. Hyl + helligdom + senterpartiet + treslag = Ulvespor
Og folk fekk god hjelp til løysing, men truleg var nok fleire meir interesserte i å følgje Lars Monsen på Villspor og andre program i Gullrekka på NRK, 20 minutt av tida vart også nytta til ein samtale med ein amerikanar som ønska å få eit krus frå Valle Radio.
Fredagskveldane er nok ikkje betre sendekveldar enn onsdagskveldane, i alle fall ikkje så tidleg på hausten. Når snøen er komen og ein kan ta skooteren og kjøre på hytta, då kan nok opi sending fungere ein fredagskveld. Men heime i stova er det vanskeleg å overgå Gullrekka.
Komande onsdag er det min tur til å ha sending. Men då er det ikkje Opi sending, i staden vil det bli musikk med Johs. Bjørkeli.
Her er programmet for sendinga i kveld:
Ansvarleg Ørnulf Hasla
Teknikar Siri Johannessen
Telefonvakt: Jorunn Helle og Solveig Rysstad
19.30 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
20.00 Aktuell time med Ørnulf
– Opning av bruktbutikk på Rysstad
– Norheim kafe er historie, reportasje frå brannøvinga
– Arkiologiske utgravingar på Helle
-Bratt friluftsliv, vi møter ein gjeng som skal klatre i Nomelandsfjellet
21.00 Opi sending med Ørnulf Hasla og Britta Lise Homme
Tlf.nr. for rebussvar og helsingar: 41776666

 

Minnesmerke

Share

Olav M. Holen hadde i dag ein interessant artikkel i Setesdølen. Han skreiv om Minnesmerke og møteplassar i Bykle.  Der peika han på at det i Vinje var 32 kunstverk i det offentlege rom i Vinje og samanlikna det med situasjonen i Bykle. Konklusjonen var at setesdølar ikkje er så flinke til å heidre kvarandre, i alle fall ikkje med bautaer og skulpturar.

I Bykle fann han ei gåve frå Latvia, ei bronsestatue av ei ung jente som Bykle fekk frå sin lutfattige venskapskommune, som han skreiv. I tillegg er det eit kunstverk i Hartevatn. Folk ser knapt på det som kunstverk, meinte han. I sommar kom det opp eit minnesmerke over Vise-Taddeiv på framsida av rådhuset. Men det er visst alt.

Eg sjekka litt ut på Setesdalswiki. Vi har ein kategori som heiter bautaer. Den har 15 sider og 22 bilder. I tillegg er det artiklar om to runesteinar. Fire sider omhandlar steinane som vart sette opp langs riksveg 9 i kvar kommune. Men vi har ikkje årstal for når dessesteinane vart sette opp.

Nå har nok ikkje Setesdalswiki alle omtale av bautaer og minnesteinar i Setesdal, så vi kunne nok gjort ein dugnad for å få på plass meir om desse.

 

 

Skranten

Share

Det er vel bare reinsdyra som får skrantesjuke, når det skjer, er det katastrofe for den er svært smittsam. Etter det eg harhøyrt, meiner nokre at ein må slakte alle dyra om skrantesjuka kjem i ein flokk.

Men ein kan vere skranten, og eg har følt meg slik i dag. Tung i hovudet, vond i ryggen, dårleg i føtene, heldigvis er brystet og hjarta i normal gjenge sjølv om nasen renn og halsen er full av gørr.

Så skranten var eg at eg heilt gløymde å høyre på Valle Radio si tysdagssending i kveld. Den hadde dette programmet:

Ansvarleg og teknikar: Siri Johannessen
18.00 Kvarteret med Asbjørn Kvalbein (Norea)
18.15 Andakt
18.30 Olavs musikktime med Olav Lindstølen (Norea)
19.30 Siris time
– Sigurd Wiberg frå Vegvesenet om RV 9 i Valle
– Anne Fauske om Bygland frivilligsentral og frisklivskurs
– Leonhard Jansen frå Setesdalsmuseet
20.30 Postludium med Landstad
21.00 Kyrkjebakken
Alt dette gjekk eg glipp av. Sjølv då eg kom på at det var sending ut på kvelden, orka eg ikkje å leite fram nettradioen og høyre på, i staden tok eg meg ein dupp.
-Søv du, Harald? spurde Reidun. Kvifor går du ikkje heller i senga i stade for å sitje i stolen og duppe?
Men eg heldt fram med å duppe i stolen. Det var sikkert fordi eg ikkje hadde skrive bloggen ennå, men nå er den i boks, så då kan eg vel gå i senga i staden for å sitje i stolen og dupp-
Vonar at skrantesjuka går over både på heia og i heimen.

 

Gjenbruk

Share

Brother KH940 Knitting Machine

Før helga opna gjenbruksbutikk på Rysstad. Slike butikkar har blitt veldig populære rundt om i landet, så det var sikkert bare spørsmål om tid før nokon starta opp. No vart det altså Frivilligsentralen i Valle som gjorde det.

Her i nærleiken er det også gjenbruksbutikkar. Men huset vårt er fullt av alt mulig ein kan finne der, så eg er ikkje nokon flittig brukar av tilbodet.

Om det var noko eg skulle handle i ein slik butikk, måtte det vere bøker, men det har eg også meir enn nok av, så eg burde nok heller levere inn nokre enn å skaffe meg nye. På Vigeland har Indremisjonen ein slik butikk. Der kan ein kjøpe ein pose bøker for 50 kroner.

Reidun strikkar setesdalskofter på handstrikkemaskin. Der brukar ho ein hjelpetråd når ho skal starte. Den hjelpetråden er etter kvart blitt svært loete og tynnslitt, men ho rullar han opp på spolen og gjenbrukar han om att og omatt. I kveld har vi prøvd å overtale henne til å bestille ein ny spole med hjelpetråd frå eit firma som leverer slike og som også yter service på Brother handstrikkemaskinar. Mellom anna leverer dei nåler, så kanskje ho bør bestille nokre nåler når ho først har kontakt. Sist gong var for seks år sidan, så det er blitt ein del kofter sidan den gongen.

Heldigvis er Helge her og hjelper henne til å ta avgjerda, elles hadde det nok blitt utsett til våren eller til noko gjekk i stykker.

Bildet på toppen fann eg her: Brother Knitting Machine

 

Kulturminner og fornminner

Share

Reidar Tveito har laga ei bok om kulturminner og fornminner omkring Byglandsfjord. I ein artikkel på Setesdalswiki er boka presentert slik:

Kultur- og fornminner omkring Byglandsfjord er ei lokalhistorisk bok der forfattaren, Reidar Tveito, freistar å få fram det ein veit om levesettet til folka som har levd her gjennom dei mange tusen åra sidan dei kom hit for første gong. Boka omhandlar kor folka levde dei første tidene, kva dei dreiv med og korleis tidene endra seg frå eldre steinalder framover mot moderne tid. Ved sida av særs mykje interessant lokalhistorisk stoff, inneheld boka ei stor mengde historiske og nyare bilete samt teikningar og illustrasjoner. Dei fleste bileta er forfattarens eigne. Teikningane er ved Katrine Tveito, Øystein Henriksen, Roderich Kohler, Gerlinde Streit og Anne Elisabeth Nitteberg. Det er avisstoff og bilete frå SetesdølenAgderposten og Fædrelandsvennen. Utgjevingsår er 2020. Boka er utgjeve på eige forlag, og trykt hos Bjorvand & Co AS i Kristiansand. Ho har 128 sider. Pris: 350 kroner. Boka er å få kjøpt mellom anna på Coop Marked Byglandsfjord, og hos Norli Evje. ISBN 978-82-691242-2-4.

Deretter følgjer innhaldslista som syner stader han har skrive om i boka. Dei fleste bøkene Reidar har laga, er utselde. Det kan fort gå slik med denne også, så det er bare å finne fram lommeboka og ta turen til butikken.

 

Tyttebær

Share

Det bugnar av tyttebær i skogen. Då Jorunn, søster mi var austover sist veke, tok ho og ei venninne der borte ein tur i skogen og kom heim att med seks liter som ho heldt på å lage syltetøy av då eg ringde til henne i kveld.

Det var visst nokre dagar sidan sist, for vi heldt på ein heil time og løyste store og små problem som vi ikkje har nokon innverknad på, men som vi har mange meiningar om. Dei skal eg ikkje seie noko om her, vi minna kvarandre om at når det kom opp ein ulagleg diskusjon heime, valde far å gå ut. Men vi var i grunnen ikkje i tvil om kva han meinte likevel.

Eg måtte jo fortelje om den gode eplekaka me hadde til kaffe i dag. Men vaniljekrem til fyll og iskrem attåt. Ho hadde nok litt lyst å kome innom i morgon og få ein smak, men så skulle ho spele i Spind om kvelden, så det rakk dei nok ikkje.

For Jorunn er vikarorganist rundt om. Det er med organistar som med prestar, dei går inn i vikarkorpset når dei blir pensjonistar, om dei då er så oppegåande at dei kan det. Og Jorunn er oppegåande, ingen tvil om det. Ho har meiningar om det meste.

På turen austover hadde dei fått med seg ein konsert med Sigbjørn Hølmebakk i Templet til Frelsesarmeen i Oslo. Ho var imponert både over konserten og Templet, noko eg godt kan forstå, for Hølmebakk er ein songar med både humor og kvalitet, forkynning og livsglede i bodskapen sin.

Sjølv har eg i dag fullført lista over komponistar i Norsk salmebok 2013 på Wikipedia. Det vart ein del raude lenker, men eg trur nok ikkje eg kjem til å skrive om desse komponistane.

Setesdalswiki har fått kvile i dag, Eg tok fram ei bok og sette meg til å lese. Det skal eg gjere oftare. Kan hende det blir nokre artiklar av det eg les, i alle fall blir det sikkert noko på bloggen om eg finn det nyttig.

Her i huset vart det ikkje tyttebær, men eplekake og is. Naboen har stor fest i kveld, feirar 50-årsdag. Vi feirar kvar dag vi får leve, men vår fest var nok av det mindre slaget.