Brannøvingar

Share

At utbygginga av Riksveg 9 i Valle også skulle føre til øvingar for brannvesenet, det var nytt for meg. Men i kveldens sending i Valle Radio fekk vi vite at Bygland brannvesen hadde øving for å brenne ned huset som Reidar Tveit og Mei Ling budde i. Dei har for lengst flytta ut, huset vart innløyst av vegvesenet i samband med at strekninga Besteland-Helle skulle byggjast.

Så fekk vi også vite at neste onsdag skulle Nordheim kafe gå opp i flammar. Då var det Valle sin tur til å ha brannøving. Slike øvingar gjev god trening for røykdykkarar, dei må ha ei varm øving kvart år, og å trene i eit verkeleg hus med trapper og mange rom er meir realistisk enn å trene i ein bunkers i Kristiansand.

I denne halvtimen fekk vi også vite litt om neste prosjekt på Riksveg 9, det er Rotemo-Lunden. Det kjem eg nok tilbake til på bloggen seinare, for det er ikkje før neste år.

Torleif Homme kunne også fortelje at det no er klart for utviding av byggefeltet i Leite, det vil bli lagt ut i neste veke. Tomtene der er små i høve til slik ei har hatt det i Valle og vil passe til leiligheter, han meinte at det kanskje var ein marknad for det, for det er lite av små leiligheter i Valle.

Endeleg var han innom at i dessekoronatider har det vore godt å kunne ha digitale møter, dei kunne gjerast unna på ein time i staden for at ein måtte kjøre til byen, då gjekk jo heile dagen. Sjølvsagt er det godt å kunne møtast, men av og til er det godt å kunne sleppe dei lange kjøreturane også.