Strikk og lytt

Share

I dag hadde vi besøk av Jorunn og Ole Thorvald. Dei kom endåtil med ei fårikålgryte som vi kunne ha til middag og kake som vi kunne ha til kaffien etterpå, så det var eit rimeleg lettvint besøk. Nå var det ei stund sidan vi hadde møtt kvarandre. Sjølv om eg krangla ein del med syster mi i ungdomen, set eg stor pris på å ha henne og mannen i nærleiken på våre gamle dagar.

Sjølv om ho er pensjonist som eg, er ho ganske oppteken. Ho var organist i Lyngdal, no stiller ho i reservestyrken og er ofte ute i teneste. Sundag spelte ho på Konsmo, og eg har inntrykk av at ho har oppdrag svært mange sundagar og mange dagar elles i veka.

I morgon er det Strikk og Lytt på Lyngdal kirkesenter. Der møtest folk for å ta ein kopp kaffe saman, klokka 12 er det ein kort andakt, og så er det strikking og lytting, ein les frå ei bok medan dei andre høyrer på. Etter det eg skjøna, kunne det vere ganske mange som deltok på arrangementet.

Andre stader har dei prøvd å ha noko liknande, men det har fort gått over til Strikk og Skravl, sosiale folk likar ofte å snakke heller enn å lytte.

I sofaen vår gjekk også praten lett om mangt og mykje. Ho hadde vore saman med søskenbarn i helga, det måtte eg få høyre om. Like før ho gjekk, fortalde ho om bildealbum etter søster til Ole Th. som dei hadde fått og lurte på kva ein gjer med gamle bilder.

Og så var ho oppteken av basaren NMS julemesse som skulle vere på Lyngdal kirkesenter med trekning 21. november. I desse koronatider har mange basarar blitt avlyst, noko som gjer tidene usikre for organisasjonane som lever av gåver og der pengar frå julemesser om hausten er ei viktig inntektskjelde. Eg fekk meg nokre lodd, eg og. Men kven som skal bruke den elektriske sykkelen om eg skulle vinne førstepremien, det veit eg ikkje, det blir neppe meg, eg likar bil betre.