Deltakarane vel musikk

Share

Når deltakarane skal velje musikk, kan ein få litt av kvart. Eg var på eit tiltak for å gå ned i vekt på Mandal sykehus for nokre år sidan. Der hadde vi ein spinninglærar som hadde med musikk som ho meinte var veldig god til formålet.

Men det var ikkje musikk for mine øyrer, så i ein kommentar sa eg at eg heller ville hatt klassisk musikk å lytte til når eg skulle på sykkeltur. Då fekk eg utfordringa at eg kunne velje musikk sjølv.

Eg valde musikk av Vivaldi, og aldri hadde deltakarane tråkka så heftig som den gongen. Men snart var det tilbake til moderne dunkemusikk att.

Eg kom på det minnet då eg høyrde Solfrid Aarsland, fysioterapeuten i Valle fysioklinikk som var i samtale med Siri i Valle Radio i går kveld. Ho let også deltakarane velje musikk og likte sjølv all slags musikk, som ho sa, viser, pop, klassisk, country.

Saman med mannen sin, som var lærar på Valle skule men som vi ikkje fekk namnet på, hadde ho kjølpt eit småbruk i Valle. Ho var frå Alta, men hadde utdanning frå Bergen og hadde arbeidd i Egersund. I kommunal regi hadde ho fysioterapi på sjukeheimen og dagsenteret, i tillegg kunne ho ta imot folk privat og ho hadde planar om å nytte symjehallen til timar med trening i vatn om ho kunne få det til.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *