Gamle aviser

Share

Bygdebøkene og gamle aviser hjelper meg når eg skal skrive artiklar på Setesdalswiki. Men når eg skal finne noko i bygdebøkene, er det godt å ha ein hjelpar, så Reidun får ofte i oppgåve å leite fram ein person når eg treng ekstra stoff.

Før handla eg mange riksaviser. Eg ville helst ha med meg Oslo-aviser i tillegg til lokale aviser. Og så var det alltid noko eg skulle ta vare på. Dette var før internett vart vanleg, så eg klypte ut og samla i permar og kassar, kanskje kom eg til å få bruk for det en vakker dag, som Øystein Sunde skriv.

Men det fekk eg ikkje. Då vi flytta frå Nomeland, kjørte eg lass på lass med aviser til Reimarmoen. Det hadde eg ikkje trengt å gjere, for eg var den siste som budde i det huset, og etter at vi hadde flytta ut, hadde brannvesenet øving og sette fyr på heile huset. Det hadde jo brunne ekstra godt om alle avisene mine hadde vore der og ikkje på Reimarmoen.

Så måtte eg ta rev i seila, både med omsyn til å samle og å handle. No kjøper eg ikkje aviser, men eg får jo Fævennen, Vårt Land, Lindesnes og Setesdølen, så eg har litt å fare gjennom kvar morgon. Men avisene varer bare ut dagen, så blir dei kasta i grøn dunk, men unnta av Setesdølen, då. Den sparer eg på. Eg skriv jo på Setesdalswiki og treng kjeldene for artiklane.

Så fekk eg aviser frå langt tilbake også, og av og til hjelper Helge meg med å skrive inn nokre gamle aviser. Så må eg skrive artiklar på grunnlag av det som står der. Det er ikkje alltid like lett, men det blir jo ein og annan artikkel likevel.

Eg skulle gjerne hatt fleire lange artiklar, det har eg sagt før. Men ut frå gamle aviser blir det helst små stubbar, korte biografiar basert på dødsannonser og åremålsdagar eller minneord. Av og til kan eg supplere med litt frå bygdebøkene. Eg held no fram med å skrive litt mest kvar dag, så leksikonet veks takka vere gamle aviser også.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *