Gjenbruk

Share

Brother KH940 Knitting Machine

Før helga opna gjenbruksbutikk på Rysstad. Slike butikkar har blitt veldig populære rundt om i landet, så det var sikkert bare spørsmål om tid før nokon starta opp. No vart det altså Frivilligsentralen i Valle som gjorde det.

Her i nærleiken er det også gjenbruksbutikkar. Men huset vårt er fullt av alt mulig ein kan finne der, så eg er ikkje nokon flittig brukar av tilbodet.

Om det var noko eg skulle handle i ein slik butikk, måtte det vere bøker, men det har eg også meir enn nok av, så eg burde nok heller levere inn nokre enn å skaffe meg nye. På Vigeland har Indremisjonen ein slik butikk. Der kan ein kjøpe ein pose bøker for 50 kroner.

Reidun strikkar setesdalskofter på handstrikkemaskin. Der brukar ho ein hjelpetråd når ho skal starte. Den hjelpetråden er etter kvart blitt svært loete og tynnslitt, men ho rullar han opp på spolen og gjenbrukar han om att og omatt. I kveld har vi prøvd å overtale henne til å bestille ein ny spole med hjelpetråd frå eit firma som leverer slike og som også yter service på Brother handstrikkemaskinar. Mellom anna leverer dei nåler, så kanskje ho bør bestille nokre nåler når ho først har kontakt. Sist gong var for seks år sidan, så det er blitt ein del kofter sidan den gongen.

Heldigvis er Helge her og hjelper henne til å ta avgjerda, elles hadde det nok blitt utsett til våren eller til noko gjekk i stykker.

Bildet på toppen fann eg her: Brother Knitting Machine

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *