Lister

Share

I dag sette eg meg til å lage ei liste over alle komponistane i Norsk salmebok 2013 på Wikipedia. Det vart ein dryg jobb sjølv om eg fekk grunnlaget i form av ei pdf-fil.

Denne måtte eg konvertere til Excel.  Deretter kunne eg klyppe ut lista over komponistar. Men lista tok utgangspunkt i alle salmene i boka, så namn på komponistar kom svært ofte. Den komponisten som har skrive flest melodiar i salmeboka, har sikkert over 30 melodiar med.

Du tenkte nok at det var Bach eller ein annan klassisk komponist, men det var det nok ikkje Eg er slett ikkje sikker på kven det var.

Men eg måtte klyppe ut alle doble oppføringar, vi trong jo ikkje namnet meir enn ein gong.

Så var det å lage lenker. Når ein veit at det er 900 salmer i salmeboka, så blir det mange lenker, sjølv om ein bare har med kvar komponist ein gong. Her er lista. Den er under arbeid, så det vil bli store forandringar etter kvart.

Liste over komponister i Norsk Salmebok 2013

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *