Mimring

Share

I dag var Øystein Berg innom ein tur. Han hadde vore i Farsund og var på veg opp til Berg igjen, men i staden for å kjøre rake vegen opp Lyngdalen, valde han å ta vegen om oss. Det var særdeles hyggeleg å kunne mimre om gamle dagar. Vi hadde jo mange år saman i andre etasje av det gamle kommunehuset i Valle.

Men alt har si tid, og tida som lærar for utlendingar i Valle som skulle lære norsk er over for oss begge. Han slutta året etter at eg hadde gitt meg. Vi snakka mellom anna om all kjøringa, eg til Mandal kvar fredag og oppover att på sundagen, han med kjøring  frå Farsund til Valle og seinare frå Berg.

Den kjøringa saknar eg ikkje, men eg saknar det gode kollegiale fellesskapet vi hadde. Han sakna heller ikkje kjøringa. Sjølv om vegen oppover no er blitt svært god frå Rysstad til Valle, sa han at vegen likevel verka å ha blitt lenger enn då han tok turen kvar dag.

Helge hadde med eit elpiano då han kom frå Oslo siste gong, og Øystein måtte jo prøve det. Han undra seg over at eg spelte så lite piano i Valle, vi hadde jo så godt eit instrument i klasseromet. Men eg var opplært på salmesykkel og lærte aldri pianistisk spel, mitt spel på piano var hakking sjølv om eg kunne spele ei salme eller ein sang etter noter. Når han sette seg til pianoet, song heile romet sjølv om han ikkje spelte etter noter.

Bildet kan inneholde: 2 personer, folk som sitter og innendørs

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *