Planleggingstankar

Share

Når ein skal ha sending i Valle Radio  ein onsdagskveld, blir det gjerne til at helga blir brukt til planlegging. Då les ein litt i avisene for å sjå om det er saker ein kan jobbe vidare med, og så er det å ringe og gjere avtalar.

Slik vart det for meg denne helga, for til onsdag skal eg ha sending. Eg er sett opp på tre sendingar i haust. I prinsippet kunne eg vel starta å planlegge då eg fekk lista, men så vil ein gjerne vere litt aktuell, og då må ein vente.

Men å starte planlegging ein sundag, det har også sine problem. Som oftast er folk opptekne med familie og venner i helga, så å svare på telefon frå eit ukjent nummer har kanskje ikkje så høg prioritet. Difor får eg ikkje avklart programmet for den aktuelle timen før i morgon tidleg. Om eg er heldig, får eg det til før klokka 10, slik at det kjem med i annonsen i Setesdølen.

Heldigvis fekk eg ja frå Torbjørn Greipsland til å vere med og fortelje om Minnekirken i Chicago. Han var prest der eit par år og møte fleire utflytta setesdølar eller etterkomarar av folk frå Setesdal. Kan hende kjem vi til å snakke om ein som framleis har slektningar i Setesdal. Det får du vite onsdagskvelden frå om lag 20.30 eller litt seinare.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *