Tyttebær

Share

Det bugnar av tyttebær i skogen. Då Jorunn, søster mi var austover sist veke, tok ho og ei venninne der borte ein tur i skogen og kom heim att med seks liter som ho heldt på å lage syltetøy av då eg ringde til henne i kveld.

Det var visst nokre dagar sidan sist, for vi heldt på ein heil time og løyste store og små problem som vi ikkje har nokon innverknad på, men som vi har mange meiningar om. Dei skal eg ikkje seie noko om her, vi minna kvarandre om at når det kom opp ein ulagleg diskusjon heime, valde far å gå ut. Men vi var i grunnen ikkje i tvil om kva han meinte likevel.

Eg måtte jo fortelje om den gode eplekaka me hadde til kaffe i dag. Men vaniljekrem til fyll og iskrem attåt. Ho hadde nok litt lyst å kome innom i morgon og få ein smak, men så skulle ho spele i Spind om kvelden, så det rakk dei nok ikkje.

For Jorunn er vikarorganist rundt om. Det er med organistar som med prestar, dei går inn i vikarkorpset når dei blir pensjonistar, om dei då er så oppegåande at dei kan det. Og Jorunn er oppegåande, ingen tvil om det. Ho har meiningar om det meste.

På turen austover hadde dei fått med seg ein konsert med Sigbjørn Hølmebakk i Templet til Frelsesarmeen i Oslo. Ho var imponert både over konserten og Templet, noko eg godt kan forstå, for Hølmebakk er ein songar med både humor og kvalitet, forkynning og livsglede i bodskapen sin.

Sjølv har eg i dag fullført lista over komponistar i Norsk salmebok 2013 på Wikipedia. Det vart ein del raude lenker, men eg trur nok ikkje eg kjem til å skrive om desse komponistane.

Setesdalswiki har fått kvile i dag, Eg tok fram ei bok og sette meg til å lese. Det skal eg gjere oftare. Kan hende det blir nokre artiklar av det eg les, i alle fall blir det sikkert noko på bloggen om eg finn det nyttig.

Her i huset vart det ikkje tyttebær, men eplekake og is. Naboen har stor fest i kveld, feirar 50-årsdag. Vi feirar kvar dag vi får leve, men vår fest var nok av det mindre slaget.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *