Hyggelig besøk

Share

I ettermiddag kom våre hyttenaboar Elin og Hans Kyllingstad på besøk. Det vart ein hyggeleg prat i kveldinga der vi kunne oppdatere dei på mangt og mykje som skjer her.

Ei sak er at vår nabo Kristoffer Eskeland har seld vel 140 mål av eigedomen sin til TT Anlegg. Kva det vil medføre for oss når dei skal ta ut stein frå knausane, er det ikkje godt å seie.

Ei anna sak er at det i nabolaget her skal produserast asfalt til den nye vegen dei held på å bygge mellom Mandal og Kristiansand. Det skal skje i Brennevinsmyra, som vi kallar avfallsplassen der renovasjonsselskapet Maren held til.

Vi måtte også innom namnet, for kvifor heiter det Brennevinsmyra. Var det fordi det vart gøymt brennevin her ein gong i tida eller var det ein annan grunn. Reidun har ikkje høyrt anna namn på området, sjølv om dei då ho var ung, hadde jorde der saman med naboane og slo høy til dyra på garden. Høyinga der tok lang tid, det var ein dryg tur for hesten å kjøre høyet heim.

Og så snakka vi om ved. Hans er litt av ein vedmann, og etter stormen Knut, der det var mange tre som måtte over ende, har han hatt mykje å gjere med å rydde og gjere dei mange trea som låg rundt i skogen om til ved. Han er vel knapt ferdig med det enno, og det er kanskje fire år sidan. Men vindfall kan vere farlege, så ein må vere forsiktig og helst ikkje aleine.

Stormen Knut tok også straumen vår og då var gode naboar godt å ha, han strekte ledning ned til oss slik at vi fekk straum til fryseboksen inntil vi kunne få elektrikar til å reparere skaden.

Når gjestene også har med kake, då er dei kan hende ekstra velkomne. Og så hyggeleg hadde vi det at eg heilt gløymde å ta bilete. Så du får nok bare sjå det for ditt indre blikk i kveld.

Bare rebusar

Share

I kveld var det sending i Valle Radio igjen. Eg trur Ørnulf tenkte at han kanskje ville få med lyttarar som var på hytter denne kvelden, men det var smått med respons på rebusane eg laga. Han ba om 12 rebusar, men han brukte ikkje alle, og ettersom eg hadde laga rebusane, kunne eg jo ikkje ringe inn sjølv på dei. Her er lista han fekk oversendt i dag:

På slutten av sendinga fekk eg ein telefon, derfor fekk eg ikkje med meg kven som vann gåvekorta i kveld.

Når avisa uteblir

Share

Tysdagsnummeret av Setesdølen kom aldri i postkassen her. I dag kom torsdagsavisa, og då tok eg meg på tak og slo nummeret til Sigurd Haugsgjerd og fekk ein hyggeleg samtale med han.

Han lova å ettersende avisa i dag, det betyr truleg at eg neppe får den i morgon, for nå er posten så visst ikkje levert så raskt som råd. Dermed må eg vel vente til neste veke for å få den avisa, men sjølv om eg kan lese den på nett, er det noko anna å lese den på papir.

Heldigvis kom både Fædrelandsvennen, Lindesnes og Vårt Land, så eg hadde godt med lesestoff ut over dagen. Så vart det ein formiddagslur og oppdatering om både hendingane i Frankrike og koronasituasjonen i Norge. I kveld såg eg så andre del av programmet om Trump og Biden som var på NRK. Før det fekk eg også med meg eit noko rystande program om abortmotstanden i USA. Det var sendt på NRK2.

Så ein har litt av kvart å følgje med på også når lokalavisa uteblir. Men likevel er det som ein vegg fell ut. Neste veke skal eg ha onsdagsprogrammet i Valle radio, og då brukar eg jo gjerne å få idear i lokalavisa. Eg får vel sjå kva eg finn å bruke som tema på den kvelden, det blir nok noko også om eg ikkje får den avisa eg no saknar.

I mellomtida kunne eg ta meg ein kopp kakao.

Lånekassen

Share

I kveldens Torp beit eg meg merke i ein setning:

-Utan Lånekassen hadde ikkje eg kunna site her, sa han.

Då måtte eg nikke og seie at det var sant for meg også.

Eg reiste til Oslo for å gå på Bibelseminaret. Det var første klassen der og finansieringa fekk vi gjennom Lånekassen fordi det førte fram til eksamen i Kristendomskunnskap.

No vart det ikkje slik for meg, eg hoppa av etter eit år og reiste som predikant ein periode før eg kom meg på lærarskulen og igjen fekk finansiering gjennom Lånekassen for å studere. Dei støtta meg gjennom to år på Stavanger Lærarskule og eit årsstudium i norsk. Så kom eg meg i jobb og starta å betale tilbake.

Systemet var laga slik at lånet skulle betalast tilbake gjennom avdrag i 20 eller 25 år, eg hugsar ikkje heilt. Men eg hugsar gleda då eg betalte siste avdraget og vart gjeldfri i høve til Lånekassen.

Alt medan eg var i Fiskerens Venn i Bergen fekk eg ta eksamen i Kristendomskunnskap på Norsk Lærerakademi og seinare kunne eg studere meir, men då utan hjelp frå eksterne kjelder, då gjekk det ved sida av arbeidet.

Lånekassen var ikkje tema i sendinga i Valle Radio i kveld. Der var det kommunestyremøte med desse sakene:

  1. PS 70/20 Interpellasjon – Klatreveggen i Vallehalli
  2. PS 71/20 Referatsaker
    1. RS 50/20 Njardarheim. Ønskje om møte med Statskog frå kommunane Bykle, Valle og Sirdal
    2. RS 51/20 Møteprotokoll frå 30.09.2020 – Setesdal Regionråd – styre
  3. PS 72/20 Førespurnader
  4. PS 73/20 Ordførar orienterer
  5. PS 74/20 Detaljregulering for rv. 9 Rotemo – Lunden, planID 201902 – slutthandsaming
  6. PS 75/20 Detaljregulering Rassikring fv. 45 Lauvåsnuten – Voilen
  7. PS 76/20 Samanslåing av forliksråd i Setesdal
  8. PS 77/20 Stortings- og sametingsvalet 2021 – fastsetjing av valdag
  9. PS 78/20 Revidering av selskapsavtale for Konsesjonskraft IKS 2020 – 2029
  10. PS 79/20 Svar på søknad om investeringstiltak på Hovet skytebane
  11. PS 80/20 Økonomirapport for 2. tertial 2020 og Budsjettregulering i drift for 2020

 

Hauge-film

Share

I min ungdom såg eg filmen om Hans Nielsen Hauge. Eg minnest at han gjekk og strikka. I kveldens program fekk vi høyre at han gjekk 15000 km på dei åtte åra han var på vandring og at han kom heilt til Tromsø, men at han på sine eldre dagar slo seg ned på garden sin og då måtte folk i staden kome til han.

Eg meiner også at i den gamle Haugefilmen var det ein scene der han sat i fengselet, truleg på jolekvelden, og så kom det nokre Haugevener og song utanfor cella hans. I programmet fortalde Øyvind Kleiveland at planen var å få filmen ferdig til 2024 og at det skulle vere ein dokumentarfilm først og så sidan ville noko av dokumentarstoffet kunne brukast i spelefilmen.

I samtalen var dei også innom Sara Oust, henner har eg artikkel om på Setesdalswiki, om du vil lese meir, kan du trykke på namnet hennar.

Det var også ein prat med Gordon Tobiassen som skal ha møter denne veka. Han er 67 år gammal og har reist i nærare 50 år som predikant.

Siri er veldig god til å lage sangprogram, i kveld var tema knytt til Allehelgen og vi fekk høyre mange fine songar, både i sjanger vise og pop, men også salmer, så det var godt å høyre på.

Til slutt kom Niklos K. Besteland med orgelmusikk frå tidleg på 1900-talet. Han finn vakker musikk anten den er av det lågmælte slaget eller det er meir pomp og prakt, og slik var det i kveld også.

Detaljane i kveldens program finn du her:

Tysdagssending i Valle Radio 20201027

 

Kaptein Nomeland

Share

Evjemoen.jpg

I dag fekk eg ein hyggeleg epost frå Jørn Buø. Han er barnebarn av kaptein Olav O. Nomeland sr. og hadde skrive ein artikkel om morfaren i bladet Pro Patria. Den kunne vi få til Setesdalswiki.

Eg takka sjølvsagt ja til artikkelen, og kort tid etter fekk eg den som ei lang word-fil. Den måtte sjølvsagt tilpassast wiki-format, så dagen i dag var brukt til å jobbe med det.

Med artikkelen fylgde det også bilder, dei fekk eg også lagt inn etter kvart. Og så var det å lage internlenker, og det syntes seg at nokre av lenkene vart blå, altså hadde eg artikkel om temaet frå før.

Når det gjeld bileta, så er det mange folk på nokre av bileta. Kan hende er det nokon av dykk som veit kven det er. Då hadde det vore fint å få melding frå dykk slik at vi fekk namn inn på bileta også.

Om du trykker på namnet under, kjem du til artikkelen.

Ihuga reservist

 

Solsøsteren

Share

Dei siste dagane har eg slukt 795 sider i romanen Solsøsteren av Lucinda Riley. Den er sjette boka i ein serie og kom på norsk i år etter å ha blitt utgitt på engelsk i fjor. Serien har over ein million lesarar i Norge, så eg er i godt selskap.

I etterordet fortel forfattaren at ho diktar, men legg handlinga tett opp til det som verkeleg skjedde i perioden ho fortel om. Difor møter vi hendingar vi har høyrt om og personar vi har lese om i bøkene hennar.

Når eg les slike bøker, ønsker eg at det hadde vore meg som hadde kunna skrive så fengslande, godt og interessant i ei fortelling om korleis folk lever. Men eg har slått meg til ro med at mine sjangrar truleg bare er leksikonet si faktaskriving og bloggen sine personlege sukk om kva ein kunne tenke og ville, men ikkje maktar å gjere.

Det var vel Peer Gynt som sa det eg siterte ovanfor, om eg hugsar rett.

Ein gong lurte eg på om eg skulle ta for meg eit eksemplar av Setesdølen og sjå om eg i det minste kunne lage ei novelle av noko eg fann der, men det dunsta vegg nokså fort. Om eg nokon gong kjem til å gjere det, står att å sjå.

Solsøsteren var det så stor rift om og så lang ventetid på at Margunn ikkje orka vente på å få henne på Bamble folkebibliotek, så ho kjøpte boka. Då ho var ferdig med den, fekk eg låne den. Sjølv om det tok litt tid å kome inn i miljøet frå dei andre bøkene, gjekk det etter kvart greitt.

Forfattaren har hatt ein hær av gode hjelparar som har passa på å faktasjekke stoffet, slik at det heng saman med dei andre bøkene i serien. Det må ha vore ein stor jobb. No gleder eg meg til neste bok.

Solsøsteren: Electras historie | Lucinda Riley

 

Respons

Share

Det er ikkje så ofte eg får respons på innlegga mine på bloggen. Eit og anna Liker kan det nok kome på Facebook, alle postane mine hamnar jo der, men ut over det er det heller få reaksjonar.

Nå er eg vel heller ikkje ute etter å provosere og slik skaffe respons når eg skriv. Bloggen min er ei slags lita dagbok over det eg opplever, gjern i relasjon til Valle Radio. Det var slik eg starta å skrive desse bloggpostane mine.

Men etter kvart har eg utvida til også å skrive om saker som ikkje har vore omtalt i radioen, det er vel ikkje så unaturleg når eg no ikkje lenger bur i Valle og er oppteken av radioen på fritida.

Difor var det ekstra hyggeleg å få respons på det eg skreiv i går. Bjørg Brokka Rike las det eg skreiv og gav slik respons denne gongen:

Bror til mi mamma ,Ingebjørg Rygnestad Brokka ,min onkel, Knut O Rygnestad var prest. Kona hans Inger var psykiater og dei budde i Trondheim i alle år. Onkel Knut har også skriva tre bøker som eg har. Dei hadde to barn, Tarjei som også vart psykiater og Gyro Mathilde sjukepleiar. Tarjei var med som rettspsykiater under Anders Behring Breivik saka.

Eg har artikkel om Knut Rygnestad på Setesdalswiki, men eg var ikkje klar over det eg fekk vite i hennar respons. Etter kvart vil det nok også kome med noko av det i artikkelen på Setesdalswiki.

Stor takk til Bjørg for fin respons.

Prestar

Share

-Er det mange prestar i slekta vår?

Helge snakka om slektsdatabasen sin og framfor meg låg boka Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Det var difor ikkje så unaturleg å stille spørsmålet, tenkte eg.

-Trur bare det er din svoger Gaute Rasmussen, var svaret.

Ein litt nøyare gjennomgang synte at det nok var rett svar. Vi kom ikkje på nokre fleire. Lærarar og sjukepleiarar var det fleire av. Det er dei gruppene som no førebur streik for betre lønn, såg vi på Kveldsnytt. Om det blir streik på nokon i familien, er nok heller tvilsomt.

Sjølv har eg aldri vore teken ut i streik, det hadde truleg ikkje særleg effekt å ta ut lærarar i Valle om ein skulle ramme motparten.

Nei, i min familie er det truleg mest bønder og arbeidarar. Ikkje mange hadde råd til å få seg akademisk utdanning med lange studiar etter artium, så vart det dei meir korte utdanningane, kanskje plussa på med vidareutdanning etter kvart..

På Setesdalswiki er det om lag 170 artiklar om prestar. Du finn dei ved hjelp av denne sida.

Kategori:Prester

Tommy Sørbø

Share

Kveldens samtale med Tommy Sørbø, han som skal halde foredrag om 6000 års kunsthistorie på 60 minutt komande måndag i Sæbyggjen i samband med Kulturveka 2020, var radio på sitt beste.

Her fekk vi møte ein gutt frå Porsgrunn som ikkje var heilt som dei andre i gata, som likte å pynte brødskiva og som likte det som var vakkert. Etter mange års studier var renessansen kanskje den viktigaste perioden , det var då samfunnet kasta av seg autoritetane og folk kunne tenke fritt og ikkje bare følgje det kyrkja sa.

Når samtalen så kom inn på arkitektur, var jo Siri på heimebane, ho er sjøliv utdanna sivilarkitekt frå Nederland. Då svinga samtalen inn på korleis funksjonalismen har teke bort pynten, alt skal vere billig og fungere. Men det vakre, menneska treng også det vakre.

Så fekk det våge seg at Tommy Sørbø sjølv bur i eit funkishus, innanfor veggene er det ein heilt annan stil som rår. Og så demonstrerte han korleis triller på pianoet kunne finnast att i krullar og utskjeringar, det var visst noko av det same dei skulle illustrere: Vi vil ha det fint rundt oss.

Ta turen til Sæbyggjen på måndag om du kan, du vil bli klokare etter den kvelden, det er eg overtydd om.