Når det stormer

Share

Dette var tittelen på ein sang vi song då eg var ung. Eg veit ikkje kor godt kjent han er no for tida, men vi kunne synge han som kanon:

Når det stormer, når detstormer, når det stormer rundtomkring.

Han er sterk, om jeg er svak, hjelper meg, tar nye tak.

Så kom første linje om att. Sjølv om det ikkje har vore storm her i dag, truleg bare sterk kuling, kanskje storm i kasta, som det heiter, så har vi merka vinden, det er austavind.

Men inne brenn stearinlys stilt og fint sjølv om det stormer der ute. Her er det fredfullt og trygt.

Mange har opplevd naturkrefter mykje sterkare enn vi gjer. Det var nifst å sjå korleis hus rasa i elva i Italia på Kveldsnytt i kveld.

Så kan vi legge oss og sjå ein ny dag i møte, vonleg med litt rolegare ver i alle fall i vestre del av Agder, og be den gamle bøna:

Nu lukker seg mitt øye, Gud Faderi i det høye, i varetekt meg ta.

Fra synd og sorg og fare, din engel meg bevare, som ledet har min fot i dag.