Godt motteken

Share

Bjørn Erling Auestad var i Valle Radio i kveld og fortalde om at han var godt motteken i Valle etter at han overtok Bergtun. I år vart det ikkje nokon ferie i juli, det pleier dei å ha, men i år måtte familien drifte både Bykle hotell og Bergtun og då vart det knapt med tid.

Sjølv om dei vart godt mottekne då dei starta opp, er det ikkje lenger slik at folk går i straum til Bergtun, så dei har redusert opningsida litt og må kanskje redusere meir også, men det svingar jo i bransjen, så det verka som om han var budd på det.

Diverre fekk eg ikkje med meg det som var før han i den aktuelle timen, men så høyrde eg den opne sendinga, der Kåre Rike var aleine i studio. Han skulle hatt Jorunn Lund Harstad med seg, men ho var reist til Grimstad. No klarte Kåre seg godt, både med musikk og rebusar, dei var ikkje så vanskelege, så han fekk folk som ringte inn på alle og morosame samtalar kom det også.

Nettet mitt er av og til litt ustabilt, og då vinnarane vart trekte, fekk eg bare med meg at Liv Gunn Viki vann eit gåvekort.

Men med svar på alle rebusane må det vere ganske mange som høyrde på, for det er jo bare ein brøkdel av dei som høyrer på, som ringer inn.

Slik var programmet i kveld:

Ansvarleg og teknikar Siri Johannessen
Telefonvakt Ingeborg Åkre Løyland
19.00 Tankar frå Bibelen med Torleif Harstad
19.30 Kommunen informerer med Else Margit Tveit, skulefagleg ansvarleg
20.00 Kulturveka i Valle kjem! Med Torunn Charlotte Nyberg, Berit Junge Henriksen, Unni Tvitekkja og Bjørn Erling Auestad
21.00 Opi sending med Kåre Rike
Bildet kan inneholde: plante, natur og utendørs