Variert dag

Share

Dagen i dag vart meir variert enn mange for ein pensjonist. Alt i føremiddag hadde eg ein god samtale med Torbjørn Greipsland om ein artikkel han har skrive og som han vonar skal få spalteplass i Fædrelandsvennen og sidan på Setesdalswiki.

Så vart det ein tidleg lunsj, for Reidun skulle ha kvinneforening klokka 12 og då var det best for meg å vere ute av syne. Lunsjen var god og då kvinneforeninga var ute av syne, vanka det både påsmurde rundstykke og kake. Ettersom det var Helge sin bursdag i dag, vart det endåtil to sortar kake, først restar av kaka frå kvinneforeninga og så nybakt eplekake til å feire bursdag med.

Mellom dette fekk eg med meg litt snooker på tv og måtte sjå at den spelaren som har gitt meg og mange andre mange gleder med spelet sitt, Ronnie O’Sullivan, bli slått ut av turneringa. Etter det nytta eg høvet til å skrive inn siste avisa på Setesdalswiki.

Kvelden gjekk med å vente på at Margunn og Stein skulle kome, dei skal også til Sola i morgon for å feire Sigurd Sola sin 80-årsdag. Den er blitt utsett frå i vår, og så er den lagd til i morgon, som er kona hans sin fødselsdag, så det blir vel ein slags dobbelfeiring, tippar eg. Sjølv har eg sagt nei til å dra på den turen, men dei andre i huset reiser, så eg får ein stille ettermiddag og kveld i morgon og slett ikkje så variert som i dag. Det skal nok gå fint, det også.