Aleine

Share

I dag vart det ein stille dag, for eg var aleine heime. Reidun, Helge, Margunn og Stein reiste til Sola for å feire 80-årsdagen til min svoger Sigurd Sola. Dagen hans var i vår, men den var utsett til i dag, som også var bursdag for kona hans, Gunbjørg.

Dei reiste ved totida, festen skulle starte klokka 18. Eg tenkte at eg kanskje kom til å sove litt, men det gløymde eg, for eg vart sitjande og høyre på orgelmusikk. Tysdag skal eg ha Postludium i Valle Radio, og det er mykje ein kunne spele.

Så både Dagsrevy og Kveldsnytt for forbi utan at eg merka det, ja, det var nære på at også bloggskrivinga vart forsinka. Men det nådde eg no akkurat.

Litt ut på dagen kom katten og ville ut. I det fine veret tenkte eg at han kunne vere ute til resten av familien kom heim, men det tenkte ikkje katten. Snart stod han på varmepumpa og klora på vinduet og ville inn. Eg lest som eg ikkje såg han, men så måtte eg få meg litt mat, og då hadde han funne vegen inn i kjellaren og stod og skrapa på kjellardøra, så eg opna og let han kome inn. Han plaga meg ikkje, etter ein tur i matskåla forsvann han på loftet og eg har ikkje sett han sidan.

Maten vart av det enkle slaget. Vi diskuterte det litt, Reidun og eg. Min tanke var at ho kunne lage ein slik boks med middag som eg bruka å ha med meg til Setesdal då eg jobba, og så kunne eg varme den opp i mikrobølgeomnen. Men ho meinte at eg nok bare kom til å ete brødmat i dag, så eg fekk nøye meg med det. Men eg laga meg eit godt ostesmørbrød og eit par vanlege skiver brød. Og så var det nokre bær i kjøleskapet. Dei er ikkje der lenger.