Raskt besøk

Share

Eit raskt besøk er gull verd. Det blir sagt at vi i desse koronatider bør vere flinke til å halde avstand, 15 minutt saman med person i same rom er nærkontakt, trur eg det var. Men når ingen er smitta, kan ein likevel unne seg eit raskt besøk.

Slik var det i dag. Eg ringde søster mi, Jorunn Moen, og ho var på veg heim frå ein kort tur til Kristiansand. Ettersom den nye vegen ikkje er ferdig bygd, den, der ein skal suse forbi Mandal i smittefri avstand og kome ut vest for Vigeland, klarte eg å overtale henne til eit raskt besøk og like etter var dei i tunet.

Vi hadde akkurat hatt lunsj, nå fekk dei sin lunsj i sofaen her etter å ha vore innom kjøkkenet og laga seg den blingsa dei ville ha. Så kunne vi prate litt om 80-årsdagen til svoger Sigurd før helga (eg reiste ikkje) og komande konsert med Sveinung Hølmebakk i Mandal neste tirsdag, der vi hadde planar om å gå saman.

Då det raske besøket var over og dei var vel heime i Lyngdal att, kom det melding om at konserten var avlyst, så då blir det ikkje noko av det prosjektet.

Etter det raske besøket hadde den vonde ryggen min ein tur i senga sjølv om han likar best å sitje oppe. Det var ikkje like raskt, men i drøymeland er det ingen vonde ryggar. Der kan ein vere sprek og sterk heller enn treg og svak.

Og så kan ho som aldri treng middagskvil lage fiskemiddag med steikte poteter og salat.

I morgon skal eg ha eit raskt besøk i Valle Radio sitt Postludium og presentere folketonebasert musikk av Ralph Vaughan Williams. Håpar at du finn Valle Radio på nettet og tykker på nettspelaren under sending slik at du kan høyre på. Sendinga startar klokka 18, eg skal på lufta 20.30.

Hovudside