Hyggelig besøk

Share

I ettermiddag kom våre hyttenaboar Elin og Hans Kyllingstad på besøk. Det vart ein hyggeleg prat i kveldinga der vi kunne oppdatere dei på mangt og mykje som skjer her.

Ei sak er at vår nabo Kristoffer Eskeland har seld vel 140 mål av eigedomen sin til TT Anlegg. Kva det vil medføre for oss når dei skal ta ut stein frå knausane, er det ikkje godt å seie.

Ei anna sak er at det i nabolaget her skal produserast asfalt til den nye vegen dei held på å bygge mellom Mandal og Kristiansand. Det skal skje i Brennevinsmyra, som vi kallar avfallsplassen der renovasjonsselskapet Maren held til.

Vi måtte også innom namnet, for kvifor heiter det Brennevinsmyra. Var det fordi det vart gøymt brennevin her ein gong i tida eller var det ein annan grunn. Reidun har ikkje høyrt anna namn på området, sjølv om dei då ho var ung, hadde jorde der saman med naboane og slo høy til dyra på garden. Høyinga der tok lang tid, det var ein dryg tur for hesten å kjøre høyet heim.

Og så snakka vi om ved. Hans er litt av ein vedmann, og etter stormen Knut, der det var mange tre som måtte over ende, har han hatt mykje å gjere med å rydde og gjere dei mange trea som låg rundt i skogen om til ved. Han er vel knapt ferdig med det enno, og det er kanskje fire år sidan. Men vindfall kan vere farlege, så ein må vere forsiktig og helst ikkje aleine.

Stormen Knut tok også straumen vår og då var gode naboar godt å ha, han strekte ledning ned til oss slik at vi fekk straum til fryseboksen inntil vi kunne få elektrikar til å reparere skaden.

Når gjestene også har med kake, då er dei kan hende ekstra velkomne. Og så hyggeleg hadde vi det at eg heilt gløymde å ta bilete. Så du får nok bare sjå det for ditt indre blikk i kveld.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *